Hopp i det - her kan du få hjelp til oppstart!

 Har du ein forretningside, kan du kome vidare ved å vere med på eit gratis nettbasert opplegg.

Når?

Programmet går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar.

Første programmet startar 10.01 og varer til 14.02.22. Nye tilsvarande program startar opp 07.02.22 og 07.03.22 

Kven passar det for?

Programmet passar for deg som har ein forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.

I løpet av programmet får du:

- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M
- presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar
- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane
- eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål.

Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.

Les meir og meld deg på her på nettsida til Møre og Romsdal fylke