Høyring - forskrift om godtgjersle for folkevalde i Sande kommune

Høyring - forskrift om godtgjersle for folkevalde i Sande kommune

Norsk lovsamling Andreas Haldorsen  

Sande kommunestyre vedtok i møte den 4. februar, sak K-7/20 å legge "Forskrift om godtgjersle og permisjonar for folkevalde i Sande kommune" ut på høyring. Høyringsfristen er sett til 4. mars. 

Som følgjer av ny kommunelov må tidlegare reglement for folkevalde gjerast om til ei forskrift. Forskriftsendringa føreset høyring og kunngjering etter dei krav som høyrer til. Forskrifta vert gjort gjeldande frå 01.01.2020.

Forslag til forskrift kan du lese her. Sande kommunestyre skal gjere endeleg vedtak i saka den 28.04.2020


Høyringsfristen er 4.mars 2020. 

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan 04.03.2020

Du kan også skrive ditt høyringssvar her.