Høyringa blir også annonsert i Vestlandsnytt.
Bakgrunn
Vi har tidlegare ikkje hatt noko lokal forskrift som regulerer dette med bålbrenning.
NTM-utvalet ga administrasjonen i oppdrag å greie ut sak om bålbrenning på bart berg og svaberg i møte 02.11.2022. Administrasjonen la fram to ulike forslag til forskrift i NTM-møte 01.03.2023. Utvalet gjorde vedtak om at forslag nr 2 med enkelte justeringar skulle leggjast fram for utvalet som ei politisk sak for utlegging til offentleg ettersyn og med sikte på godkjenning i kommunestyret i juni 2023.
Her finn du forslaget til forskrift som ein vil ha evt. tilbakemeldingar på.
Fristar
Innspel kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
eller på
e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no innan 16.juni 2023
Du kan også skrive ditt høyringssvar her- bruk saksnummer 22/1845 når du svarar.