Høyring - kommunikasjon til øyane og tilhøyrande rutetabellar

Ferje og bilar i ferjekø - Klikk for stort bileteFerjekø til øyane i Sande Sande kommune

Sande kommune bed om innspel på forslag til ruteendringar  i ferje/ båtsambandet som går til Åram, Voksa og Kvamsøy. Det er 3 ulike forhold vi legg ut på høyring.

Sande kommune har fått tilsendt høyringdokument frå Møre og Romsdal Fylkeskommune om to høyringar:

Omstilling FRAM 2024 -  der ferje, hurtigbåt og buss samla skal spare/kutte 65 millionar og den ordinær ruteendringsprosessen som skal gjelde for både ferje, hurtigbåt og bussruter frå 1. mai 2024. 

Høyringsdokumentet frå Møre og Romsdal Fylkeskommune kan du lese her.

 

1. Omstilling Fram 2024 der ferje, hurtigbåt og buss med kuttframlegg

 

Forslag til ny rutetabell for rute 1066 Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøy ser du her. (PDF, 182 kB)

 

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  

Du kan også skrive ditt høyringssvar her.  Merk saka 19/11329

Høyringsfrist : 11. april 

 

2. Innspel til ruteendringsprosess for 2024

Dette gjeld den ordinære ruteendringsprosessen som skal gjelde for både ferje, hurtigbåt og bussruter frå 1. mai 2024. 

Fylkeskommunen vil ha innspel på ruteopplegget generelt. Kommunar og andre som ønsker å gi innspel til prosessen blir bedne om å kome med desse no.

  • Forslag til ruteendringar som gjer korrespondansar betre vil bli prioritert.
  • Forslag som gjeld endringar i rutetidene på riksvegferjerutene (rute nr: 1069,1070,1071,1072) må takast direkte opp med Statens vegvesen.

 

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  

Du kan også skrive ditt høyringssvar her.  Merk saka 23/ 437

Høyringsfrist : 11. april 

 

PENDLARBÅT - innspel på rutetider  –  justering av tidtabell 

Den nye pendlarbåten skal starte opp i rute frå 1. april 2023. Sande kommune ønsker innspel til rutetabell for pendlarrutene, der også signalanløp på Haugsholmen og Storholmen er teke med i tabellen.

Båten skal ha liggeplass på Larsnes.

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  

Du kan også skrive ditt høyringssvar her.  Merk saka 22/1752

Høyringsfrist : 11. april 

 

Sande formannskap vil i møte den 25. april behandla alle høyringsinnspela og sende inn ei samla uttale til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontakt

Oddbjørn Indregård
plan og utvikling
E-post
Mobil 97 58 88 11