Høyring - nye medlemmar i ungdomsrådet

Høyring - nye medlemmar i ungdomsrådet

Det er 3 ungdommar som har meldt frå om at dei ynskjer å vere med vidare i rådet, eller vil verte valt inn som nye medlemmar. Det skjedde etter at vi annonserte at ungommar må melde si interesse for dette arbeidet.

Dette dekker tal på plassar, og fordeling etter bygdene slik vedtektene seier.

5 representantar frå oppvekstsentra sit i ungdomsrådet no;

Gursken oppvekstsenter              William B. Leikanger      1 år igjen

Gursken oppvekstsenter              Milla Fenes Longva         1 år igjen

Kvamsøy oppvekstsenter            Mantas Dauksevicius      2 år igjen

Sandsøy (K. oppv.senter)             Nicolas Vonheim             1 år igjen

Gursken oppvekstsenter              Det skal gjennomførast val ved Gursken oppvekstsenter i haust

 

Så skal vi ha 5 representantar over ungdomsskulealder;

Gurskøydelen                                   Agathe Skare                    1 år igjen

Gurskøydelen                                   Isabell Iversen Skoge         1 år igjen

Gurskøydelen                                   Til val   

Kvamsøy                                           Til val   

Sandsøy                                            Til val   

 

Følgjande vil stille til val;

Ronnie Sætre, Larsnes                  Gurskøydelen

Mathias Myskja                                Kvamsøy

Alvhild Våge                                      Sandsøy

 

I staden for å gjennomføre eit val der vi har berre 1 representant på kvar plass som stiller til val, vel vi å legge ut ei høyring slik at ein kan kome med evt merknadar om ein har. Har ingen merknadar innan fristen  20.sept. 2022 vert dei aktuelle kandidatane som har meldt si interesse rekna som innvalde i ungdomsrådet. 

Send evt merknadar innan fristen til postmottak@sande-mr.kommune.no