Det er viktig at du som innbyggar seier di meining om rutetilbodet på ferje, hurtigbåt og buss dersom du ser at noko kan endrast til eit meir tilpassa tilbod.
Sande kommune samlar og samanstiller innspela til Møre og Romsdal fylkeskommune etter at høyringsfristen er ute.
- Forslag til ruteendringar som gjer korrespondansar betre vil bli prioritert.
- Vi ønskjer tilbakemelding på ruteopplegget i høgtidene (til dømes julerutene) Kva er bra og kva endringar som bør gjerast?
- Forslag som gjeld endringar i rutetidene på riksvegferjerutene(rute nr: 10, 11, 33 og 48) må ein ta opp direkte med Statens vegvesen.
- Forslag til endringar av haldeplassar eller andre saker som ikkje angår rutetidene spesifikt, må sendes i eige brev utanom denne ruteendringsprosessen.
Endringar vil gjelde frå 1.mai 2023. Om du har innspel, er det viktig at dei kjem fram no.
Høyringsfrist:
30.mai
Korleis melder eg inn innspel?
Du kan sende oss melding på fleire måtar:
Du kan bruke post og sende til
Sande kommune
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Du kan også sende innspel på epost eller du kan bruke denne lenka - bruk saksnummer 22/470 når du kjem med innspel.