Høyring - ruteendringar i busstilbodet - høyringsfrist 21.januar

Høyring - ruteendringar i busstilbodet - høyringsfrist 21.januar

Bussruter kan bli fjerna frå 17.august. Vil du kome med innspel? 

Budsjettvedtaket  for 2020 i fylkestinget inneber ein reduksjon på 5% i drifta for kollektivtrafikk i Møre og Romsdal. 

Fylkeskommunen kjem difor med eit endringsforslag for buss, ein reduksjon på omlag 5,9% av ruteproduksjonen gjeldande frå 17. august 2020.
Fylkeskommunen kjem med forslag til mulige avgangar som vert endra eller fjerna. Dei fleste av desse er avgangar med få reisande som ikkje vil gå utover skule- og arbeidsreisande. Likevel vil ein reduksjon i rutetilbodet på 5,9% bety noko for mange reisande. Rutetypar som vert redusert:


• Trafikksvake avgangar
• Måndag-fredag på skulefri
• Måndag-fredag om sommaren
• Kvardagar i romjul og påskeveka
• Kvardagar der det er alternative avgangar
• Laurdagar og søndag sommaren
• Søndagar der det er andre tilbod

For Sande kommune er det også føreslått å ta vekk ruteavgongar.

 

Merk den korte fristen:

Høyringsfristen er 21. januar 2020. 

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan 21.01.2020

Du kan også skrive ditt høyringssvar her.


 

Kontakt

Oddbjørn Indregård
leiar
E-post
Mobil 97 58 88 11