I år blir det Kong Arthurspel - vi gled oss!


 13. og 14. august blir det endeleg nye framsyningar av Kong Arthurspelet. Kva nytt er det som dukkar opp i spelet i år skal tru?

Kong Arthurspelet er eit humoristisk og historisk spel med innslag frå notida. Det er altså eit heilt spesielt spel som går føre seg på Kongsvollen på Sandsøya denne august-helga. Glade amatørar i alle aldrar frå heile Sande  er med i førestillinga som normalt har med omlag 100 aktørar med stort og smått! 

Spelet si målgruppe er familien, med humor som går på fleire nivå. Spelet er difor god underhaldning for folk i alle aldrar.

Her kan du lese meir om spelet og følgje med på informasjon om førestillingane, billettar og båtskyss!

Du får også vite litt meir om dei som skal ha dei ulike rollene!

Gled deg til å kome på spel!