Influensavaksinering 2020

Klikk for stort bilete Pixabay   Influensavaksineringa i år vert ved Sande legesenter på Larsnes, på helsestasjonen sine lokaler.

På grunn av smittevernstiltak er det avsett 4 dagar til vaksinasjonen i år, og det heile vert organisert med timebestilling via legesenteret.  

Nasjonale helsemyndigheiter har vedteke at personar som er i definert risikogruppe blir prioritert først. Ta kontakt på 70026750 for å sette deg opp på time på dei aktuelle datoane nedanfor :  

  • Måndag 26 oktober 09-14.30
  • Onsdag 28 oktober 09-14.30
  • Torsdag 29 oktober 09-14.30
  • Fredag 30 oktober 09-14.30

 

Pasientar som har time med fastlegen sin i oktober/ november kan ta vaksine når dei er inne på sjølve legetimen.

Dei som har fastlege i andre kommunar, nyttar seg av tilbodet der.

Husstandsmedlemmar i risikogruppe kan bestille time saman på dei aktuelle dagane ovanfor.

 

Kven er i risikogruppa?

Alle frå og med fylte 65 år

Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester) 1.trimester med tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine

Barn og vaksne med:

- diabetes mellitus type 1 og 2

- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)

- kronisk hjarte-/karsjukdom

- kronisk leversvikt

- kroniske nyresvikt

- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

- nedsett imunforsvar

- svært alvorleg fedme (KMI over 40)

- annan alvorleg sjukdom etter individuell vurdering av lege

 

Andre målgrupper

-Helsepersonell som har pasientkontakt

- Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar

-Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

 

Vaksinegebyr

kr 100 for risikogrupper

kr 200 for andre målgrupper

kr 400 for Pneumokokkvaksine ( fornyast kvart 10. år)

Betaling

Ikkje kontant betaling, berre med kort. 

 

Kommuneoverlegen, Sande legesenter og helsestasjonen