Kvar får eg vaksine?
Sande kommune tilbyr - og håper mange av innbyggarane i Sande vil ta influensavaksine. Vaksinen er gratis. Vi inviterer inn bygdevis til vaksinering.
- Kvamsøy Høgtun 1. november kl. 11:00-13:00
- Sandsøy Dollstun 2. november kl. 10:30-12:30
- Gjerdsvika Breidablik 3. november kl 10.00 -12.00
- Gursken Breidablik 3. november kl 12.00 -14.00
- Larsnes Breidablik 3. november kl 14.00 -16.00
Ingen påmelding – alle over 65 år og dei som er i risikogruppene kan møte!
Kven bør vaksinere seg?
Nær 1,6 mill menneske i Norge høyrer til grupper med auka risiko for alvorleg influensasjukdom. Desse gruppene bør ta influensavakine årleg:
- Bebuarar i omsorgsbustad og på sjukeheim
- Alle som har er over 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbud om influensavaksine
- Prematurt fødte barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder til 5 år
- Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- hjerte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sykdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndromer og sammensatte kromosomavvik som ikke er klassifisert annet sted)
Kvifor er det lurt å vaksinere seg ?
Influensa kan blant anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdomar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa er sjukehusinnlegging nødvendig. Personar med hjerte-/karlidingar er meir utsett for hjerteinfarkt, hjerneslag og død i influensasesongen enn ellers i året. Alvorleg influensasjukdom kan også føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personer årleg som følge av influensa. Vaksinasjon beskyttar deg mot alvorleg influensa.