Influensavaksinering på Elveromsstova

Klikk for stort bilete 

Elveromsstova finn du rett ovanfor Sandetun omsorgssenter.

Når kan eg få vaksina?

Onsdag 30.oktober kl 10.30-12.30 blir det vaksinering på Elveromstova, Larsnes

Kva kostar det?

  • Influensavaksine kr 200
  • Pneumokokkvaksine (fornyast kvar 10. år) kr 400

Ta med kontantar.

 

Må eg bestille tid? 

Det er berre å møte opp på Elveromsstova denne onsdagen. Har du ikkje høve denne dagen, kan du etter 30.oktober stikke innom Sande legesenter for å få eit lite vaksinestikk.

 

Treng eg å vaksinere meg? 

Les meir om influensavaksine her.

Vaksineringskampanjen er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Folkehelseinstituttet.

Kontakt

Sara Fugledal Wiik
jordmor, konstituert leiar helsestasjon
E-post
Telefon 70 02 67 62
Mobil 957 80 270