Ingen feil oppdaga på tryggleiksalarmar i Sande kommune

Ingen feil oppdaga på tryggleiksalarmar i Sande kommune

illustrasjon ​​​​​ Kristiansund kommune

Det er ikkje oppdaga nokon feil på alarmsmykka/ knappane som fungerer som tryggleiksalarmar i Sande kommune.

Slike alarmknappar har vore mykje omtala i media den siste tida.

For at ein skal få varsel om lavt batteri må ein gjere ein fysisk installasjon på smykka /knappane hos den enkelte brukar.

Dette arbeidet har vore gjennomført denne veka, og vert fullført i løpet av i dag, fredag 17. februar.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65