Ingen smitte i Sande - følg råda!

Ingen smitte i Sande - følg råda!

CDC, Alissa Eckert  Vi har framleis ingen korona - smittesituasjonar i Sande. 

Det er viktig at vi minner kvarandre på dei nasjonale råda som blir gitt oss for kvardagslivet og spesielle situasjonar. 

Det er lett å gløyme smittevernreglane når vi ikkje opplever smittesituasjonar rundt oss . 

Legesenteret har sidan "koronatida " starta tatt omlag 750 testar, og er tilgjengeleg kvar dag for testing dersom du har symptom. Ring alltid på førehand når du vil teste deg - tlf 70026750.

Minner elles om at det er viktig å vere klar over karantene-reglar og råd for smittevern ved reiser både inn til Norge og når du reiser til andre land og område. Reglane vert stadig oppdaterte og både privatpersonar og bedrifter må vere ansvarlege i forhold til å oppdatere seg på desse når vi eller besøkande/ kundar reiser inn og ut av landet.

Også enkelte kommuner i landet har særreglar som vi må følgje dersom vi reiser dit.  

Smittevernråd for reise og innreisekarantene ved ankomst til Norge.