Innbyggarundersøkinga er lukka - veldig mange har svara!

Innbyggarundersøkinga er lukka - veldig mange har svara!

Anne-Siv Hauge  No er innbyggerundersøkinga i boks. Den siste svara i går kveld rett før midnatt!

797 personar  har svara på hele undersøkinga.1095 har svart på heile eller delar av undersøkinga.  Dette fortel oss at det er eit  stort engasjement for Sande-samfunnet!

Vi trur at mange har sett pris på å bli spurt og at dei ønskjer å gi innspel til kva som er bra og kva som kan bli betre.

Sande kommune vil gjerne takke

alle som har brukt tid og tankar på å svare på undersøkinga. Dette gir oss viktig informasjon om korleis innbyggarar og andre opplever Sande kommune på ulike område. 

Veldig mange har lagt igjen innspel som vi no vil sortere og gå igjennom. Heile undersøkinga er eit viktig dokument som gir oss eit godt grunnlag for arbeid med blant anna samfunnsplanen som er under revidering.

217 personar har lagt igjen e-post og  er med i trekning om premiar. Vinnarane blir sjølvsagt kontakta.