Innbyggarundersøkinga - tilrettelagde turstiar i nærområdet er viktig for sandssokningen

Innbyggarundersøkinga - tilrettelagde turstiar i nærområdet er viktig for sandssokningen

 I Sande kommune si innbyggarundersøking kjem det tydeleg fram at tilrettelagde turstiar i nærmiljøet er viktig for attraktive bu-miljø, særleg for dei frå 20 år og oppover. 

Vi vil på tur

Av 748 personar som har svara på spørsmålet om tilrettelagde turstiar rett utanfor døra er viktig, meinar 50% at dette er veldig attraktivt og 24% at det er litt attraktivt.

Ser ein på aldersfordeling er det ein markert skilnad mellom aldersgruppene over og under 20 år.  I aldersgruppa 20-24 år har 81% svara at det er litt eller veldig attraktivt. Denne aldersgruppa deltek mindre i organiserte aktivitetar, så kanskje er det naturleg at dette er ekstra viktig for denne aldersgruppa? 

Lag og organisasjonar gjer ein kjempejobb

Det er i Sande fleire frivillige lag og organisasjonar -  med idrettslaga i spissen  - som gjer ein stor jobb for fellesskapet på akkurat dette feltet, med merking, skilting og anna tilrettelegging. Vi vil nytte høvet til å gje desse stor honnør. Takk!

StikkUt

Sande kommunestyre har bedt kommunedirektøren om å budsjettere med deltaking i StikkUt ordninga til Sunnmøre Friluftsråd  frå 2022. 

Dette håper vi kan vere med å legge endå meir tilrette for at folk kjem seg ut, gjennom konkrete turtips og god informasjon. Her kan ein registrere turane sine på app, lage uhøgtidelege konkurransar med seg sjølv eller familie/venner. Men det beste av alt, ein kan kjøpe ein eigen StikkUt-premie, heilt uavhengig av pallplassering!