Invitasjon til informasjonsmøte - Sande kommune vil ha eit demensvenleg samfunn

Invitasjon til informasjonsmøte - Sande kommune vil ha eit demensvenleg samfunn

 Sande kommune vil ha eit demensvenleg samfunn og inviterer til informasjonsmøte  2. mars, kl. 14:00 på kommunestyresalen, på rådhuset.  

Sande kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen har skrive under avtale om å arbeide for eit meir demensvenleg samfunn.

I samanheng med det, vil vi invitere aktuelle bedrifter til eit informasjonsmøte i høve demens-sjukdom.

Vi ønsker å gi ei innføring i kva demens er, og kva som skal til for at ein person med demens kan nytte seg av ulike tilbod. 

Det er i dag over 77000 menneske i Norge som har demens og minst 40000 av desse bur i eigen heim. Vi vil gjennom dette informasjonsmøtet snakke om kva som kan vere med på gjere kvardagen enklare for dei med ei demensdiagnose. Kari Ristesund og Kari Johanne Skarmyr deltek på møtet, og vil stå for informasjonen.

Fleire personar frå kvar bedrift  er velkomne på møtet!