Invitasjon til næringslivet sine valkamparrangement i Møre og Romsdal

Klikk for stort bilete  

Vi står framom eit spanande stortingsval i september 2021. 
For å bli mest mogeleg orientert om kvar vi har «våre» stortingsrepresentantar når det gjeld saker som er viktige for næringslivet, har NHO Møre og Romsdal teke initiativ til eit valkampsamarbeid mellom fleire sentrale organisasjonar i fylket. 
I tida framover vil det bli arrangert digitale og (forhåpentlegvis) fysiske møter for å verte betre kjende med listetoppane og for å sette viktige næringspolitiske saker på dagsorden. 

Det er første gang eit så breidt utval av nærings- og arbeidslivsorganisasjonar i Møre og Romsdal samlast om felles valkampopplegg. Organisasjonane som deltek i samarbeidet er: 
NHO Møre og Romsdal, LO Møre og Romsdal, Næringsforeningen i Ålesundsregionen, Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforening (KNN), NæSS - Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre, MAFOSS, Maritimt Forum Nordvest og NHO sine landsforeiningar som held til i Møre og Romsdal: Sjømat Norge, NELFO og EBA. Organisasjonane representerer over 2000 medlemsbedrifter i alle typar bransjar i Møre og Romsdal, og arbeidstakarane i desse bedriftene. 

Startskotet for første Politikartreff går allereie fredag 30. april kl. 09.00-10.00. Desse møta foregår i Teams og først ut er Høgre, der partiet sine toppkandidatar skal presentere seg sjølve og sin næringspolitikk.  
De er sjølvsagt velkomne til å delta på alle møta mellom politikarane og næringslivet. Alle listetoppane i dei ulike partia har meldt frå at dei stiller. 

Du melder deg på ved å bruke denne påmeldingslenka (innan onsdag 28. april): INVITASJON/PÅMELDING
Lenke/kalenderinvitasjon til Teams-møta vert sendt ut til dei påmelde, seinast éin dag i forkant av kvart møte. 



Programmet fram til sommaren: 

POLITIKARTREFF (Teams-møter):

Fredag 30. april 09.00-10.00: Høgre
Fredag  7. mai 09.00-10.00:  Arbeidarpartiet
Tysdag 11. mai 10.30-11.30: Senterpartiet
Fredag 14. mai 09.00-10.00: Framstegspartiet
Tysdag 18. mai 09.00-10.00: Kristeleg Folkeparti 
Fredag 21. mai 09.00-10.00: Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne

TORSDAGSLUNSJ med næringspolitiske temamøter (Teams/Teams Live)

Torsdag 20. mai 11.00-12.00: Havnæringane i Møre og Romsdal – Maritim stortingsmelding
Torsdag 27. mai 11.00-12.00: Samferdsle – Nasjonal Transportplan 2022-2033
Torsdag 3. juni 11.00-12.00:   Kompetanse, jobbskaping og verdiskaping i Møre og Romsdal
Torsdag 10. juni 11.00-12.00: Eksport/internasjonal handel i eksportfylket Møre og Romsdal
Torsdag 17. juni 11.00-12.00: Korleis legge til rette for næringsmulegheiter i det grøne skiftet?
Torsdag 24. juni 11.00-12.00: Kva er næringsvenleg skatte- og avgiftspolitikk i Møre og Romsdal?

Innhald/tema i enkeltmøter kan bli endra dersom t.d. dagsaktuelle saker tilseier det.

MELD DEG PÅ HER: INVITASJON/PÅMELDING