Jodtablettar til sals på apoteka

Statens strålevern informerer om at frå 1.november kan du kjøpe jodtablettar på apoteket. Myndigheitene anbefaler at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande barn kjøper tablettar som ein har på lager heime.

Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammende tek tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsett for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar også vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år, medan dei over 40 år har svært liten risiko for å kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtabletter.

Når du kjøper tablettar på apoteket, får du med deg ei informasjonsbrosjyre tilpassa det merket som er til salgs i apotek.

 

Jodtablettar står også på lista over kva ein bør ha heime i DSB sin kampanje for eigenberedskap