Dra krakken bort åt glaset så sett vi oss og ser
og prøver finne leia der julestjerna er
slik det heiter i ei av strofene i Prøysen si Julekveldsvisa. Kanskje den ultimate beskriving av julefred etter strev og møde i førjulstida. Og legg vi på med Prøysen sin Romjulsdrøm, sitat siste vers:
En skulle vøre fire år i romjul`n
da julelysa brente dagen lang
da væla var eit hus med fire vegger
og saligheta var et bessmorfang
ja då er jula komplett. Slik vi vil den skal vere. Ei tid for ro, refleksjon og omtanke for kvarandre. Ei tid der vi kan søkje etter det beste i oss sjølve.
Med dei beste ønskjer til alle om ei fredfull God Jul og eit Godt Nyttår.
Dag Vaagen
ordførar (H)