Justerte retningsliner ved besøk til pasientar ved Sandetun omsorgssenter

Klikk for stort bilete Sande kommune Med bakgrunn endra smittesituasjon nasjonalt, har vi justert retningslinene for besøk til pasientar ved Sandetun omsorgssenter.

Dette gjeld særleg for besøkande som har vore i utlandet.

Det er framleis besøkskontroll ved Sandetun omsorgssenter. Omsorgssenteret vil framleis vere stengt for besøkande utan avtale. Alle besøk må avtalast på førehand, ved at ein ringer avdelinga.

Vi vil legge tilrette for at besøk kan gjennomførast, men må ha begrensning på tid, pr. besøk, samt antall besøk pr. dag.

For at dette skal kunne foregå i kontrollerte former, vert besøka gjennomført på følgande måte:

  • Besøkande som har vore i utlandet, både i land som er definert som «grøne» og «raude», må vente i 10 dagar etter heimkomst, før dei kan komme på besøk til pasientar ved Sandetun omsorgssenter.
  • Pårørande som vil besøke pasientar på omsorgssenteret, skal ringe til avdelinga for å gjere avtale om kva tid dei kan kome på besøk. Avdelinga samordner tidspunkta for besøk. Besøket bør ikkje vare lenger enn 1 time. Personell ved avdelinga vil følge besøkande til pasienten sitt rom.
  • Pårørande kan ikkje kome på besøk dersom dei er sjuke, jmf. nasjonale retningslinjer.
  • Besøket skal foregå på pasienten sitt rom/ leilighet, ute på omsorgssentert sitt område, eller på tilrettelagt besøksrom. Besøk kan ikkje gjennomførast i fellesareal i omsorgssenteret. Det er mogleg å gå tur rundt Sandetun omsorgssenter, eller ta ein biltur.
  • Det må framleis haldast minst 1 meters avstand, og ved besøk inne kan 2 kome på besøk i gongen, medan ein ved besøk ute, kan vere inntil 4 besøkande.
  • Det er ikkje lov med nærkontakt som klemming etc. mellom pasient og pårørande.
  • Besøkande skal være nære pårørande, det vert ikkje opna for at alle fritt kan kome på besøk.
  • Besøkande har ikkje  høve til å opphalde seg i fellesareala på Sandetun omsorgssenter.
  • Pårørande skal sprite hender før og etter besøk.
  • Det skal førast besøksprotokoll som sikrar rask smittesporing, dersom det er naudsynt.
  • Ved alvorleg sjukdom hos pasienten, vert det framleis gjort eigne vurderingar i høve besøk.
  • Det er lov å ta med gåver, blomster osv.
  • Dersom ein har med mat skal det gjennomførast god handhygiene før måltid.
Telefonliste Sandetun omsorgssenter
Avdeling Telefon
Sentralbord , konsulent 9.30-14.00 måndag -fredag 70026740
Tingstova 70026606/ 70026605
Solsida 70026626/ 70026610
Sørhagen 70026620/ 70026621
Haugetun 70026650/ 70026675
Elvebakken 70026640/ 70028410
Fysioterapi 70026613/ 48892151
Kjøkkenet 70026683
Øya aktivitetssenter 91301547
Hjelpemiddel (onsdag) 48992664/ 91696631
Sande kommune 70026700
VAKTTELEFON, bemanna av sjukepleiar 99091919