"Kick-off " for Livsglede-heim

"Kick-off " for Livsglede-heim

Arbeidet med Livsgledeheim i Sande starta med "kick-off" samling for tilsette og andre interesserte 18. og 19.oktober. Tilsette og frivillege tok del i samlinga på Breidablik i går og i dag. Torhild Bæverfjord fra Halsa sjukeheim delte erfaringer fra et Livsgledehjem i Halsa kommune.

Kva er livsgledeheim ?

Livsgledeheim er eit verktøy for kvalitetsarbeid som systematisk  tek i vare psykososiale behov til
dei som bur på sjukeheim og  omsorgsbusstadar.

Livsgledeheim skal også vere med på å åpne institusjonane gjennom rutiner for samarbeid med aktører i lokalmiljøet. Slik håper ein at vi kan skape auka frivillegheit i eldreomsorga.
Samarbeid med pårørande, næringsliv, foreiningar og andre i nærområdet håper ein skal opne for nye former
for bærekraft og frivilligheit.

Generasjonsmøter mellom skular og barnehagar og eldre håper ein også å få til - noko som kan vere helsebringande for alle grupper- både unge og eldre.  Kanskje kan slik involvering vere med på å hjelpe oss med 
rekruttering av både frivillige og helsepersonell på sikt.

Ein livsgledeheim kan altså vere :

  • Ein heim, der målet med omsorgsarbeidet er å bevare menneskeverdet og anerkjenne det unike og individuelle hos alle, uansett diagnose
  • Ein heim som legg til rette for at kvar enkelt bebuar får individuelt tilpassa aktivitetar og føler seg heime
  • Ein heim som tek årstidene og naturen inn, noko som igjen bidreg til realitetsorientering
  • Ein heim der dyr er hjarteleg velkomne for dei som har glede av det
  • Ein heim der ein har det triveleg og kan dyrke den sunne galskapen
  • Ein arbeidsplass som har eit system for å ivareta bebuarane sine sosiale, kulturelle og åndelege behov
  • Ein arbeidsplass der alle tilsette skal jobbe saman som gode lagspelarar for bebuarens beste, med fokus på kvalitet i tenesta
  • Ein arbeidsplass der alle tilsette kjenner til livsgledearbeidet, og jobbar etter prinsippa for personsentrert omsorg
  • Eit fysisk og sosialt miljø som støttar opp om og er inkluderande for bebuarane
  • Ein stad der generasjonar kan møtast og trivast, og der barn og unge er ein naturleg del av kvardagen
  • Ein stad der pårørande og frivillige er naturlege bidragsytarar i kvardagen
  • Ein åpen del av nærmiljøet der menneske ønsker å kome og vere

Du kan også lese meir om Livsgledeheim her.

Korleis blir dette organisert? 

Tiltaket er politisk forankra . Det er laga ei livsgledegruppe som består av tilsette på omsorgssenteret. Det er dei som praktisk skal drive prosjektet framover saman med leiar i pleie og omsorg og livsgledekonsulenten Kristine Rein - til dagleg kommunefysioterapeut.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65
Kristine Rein
kommunefysioterapeut
E-post