Klar til å røyste?

Klar til å røyste?


Endre Vorren førehandsrøystar Einar Ekroll Du har kanskje motteke ei påminning på SMS om å hugse å bruke røysteretten din. Fram til i dag har vi motteke 200 førehandsrøyster. Det er 1627 personar som står valmanntalet vårt og vi håper på høg valdeltaking. Det er det du som veljar som kan ordne.

Du kan førehandsrøyste på Sande rådhus. Vi er klar til å ta imot stemma di kvardagar frå kl 9.30 -15.00 fram til og med 10.sept. 

Røystestadar

På valdagen 13.september  kl 10-19  kan du bruke desse røystestadane

  • Gjerdsvika – gymsalen ved skulen
  • Gursken –gymsalen ved skulen
  • Kvamsøy – Høgtun forsamlingshus
  • Larsnes – Landsbyhuset Breidablik
  • Sandsøy  - gymsalen ved skulen

Rekk du ikkje å røyste i din eigen røystekrins, kan du stemme i ein annan i kommunen.

Røysting heimanfrå 

Frist for å bestille røysting heimanfrå er 7. sept.

Dersom du er i karantene/isolasjon på valdagen – kontakt Sande kommune innan kl 10.00 13.sept.

99531346 eller bruk postmottak@sande-mr.kommune.no

Bruk røysteretten din!