KlasseQuiz ved Gursken oppvekstsenter - vil du vere med å heie dei fram?

KlasseQuiz ved Gursken oppvekstsenter - vil du vere med å heie dei fram?

10. klasse, kontaktlærarar og einingsleiar ved Gursken oppvekstsenter inviterer alle elevar og tilsette ved skulen, foreldre, bygdefolk og andre interesserte til klassequiz tysdag 11.02. kl. 11.30. Quizen skal føregå på gymsalen.

Klassequizen er NRKs nasjonale kunnskapskonkurranse for 10.-klassingar. I år kjempar 39 skular frå Møre og Romsdal om å gå vidare til landsfinalane i Oslo.

Det blir skikkeleg stemning på skulen når 10. klasse skal svare på spørsmåla i konkurransen.

Møt opp og støtt 10. klasse denne dagen.

Sendinga kjem på lokalradioen P1 måndag 24.02.20 kl. 14.30.

Vel møtt!

(Møt opp i god tid. Sendinga startar 11.30)