Klima- og energiplan 2020 - 2030. Nettundersøking

Klima- og energiplan 2020 - 2030. Nettundersøking

 Klimanettverket til Sunnmøre regionråd oppfordrar alle på Sunnmøre til å seie korleis du meiner din kommune skal oppnå reduksjon av klimagassar i dei kommande åra. Alt du treng å gjere er å gå inn på nettet og seie kva du meiner om desse spørsmåla

Innbyggjarane i kommunane Stranda, Fjord, Sykkylven, Sande, Vanylven, Hareid, Ulsteinvik, Ørsta, Volda og Herøy har no moglegheit til å påverke framtida på Sunnmøre. Vil vi ete meir lokalprodusert mat, og kjøpe mindre billige plastprodukt produsert på andre sida av jorda? Ønskjer vi at det skal bli lettare å reise kollektivt, eller er det etablert bildelingsordningar og system for samkøyring? Skal ein kunne lade elbilen på ferja eller mens ein står i ferjekø?

Har du ei meining om korleis framtida skal sjå ut er det veldig viktig at du deler den!

Det er lagt ut ei webbasert spørjeundersøking der ein kan svare på spørsmål og kome med forslag til tiltak som din kommune bør satse på. Alt du treng å gjere er å gå inn på lenka som ligg under.

Her finn du spørsmåla vi vil du skal svare på

Svara og innspela som kjem inn vil bli analysert og systematisert, og brukt inn i arbeidet med å forme ny klima- og energiplan for din kommune. Dette blir kanskje ei av dei viktigaste planane for framtida. Klarer vi ikkje å snu utviklinga med utslepp av klimagassar i løpet av dei neste åra, står vi i fare for at det skjer sjølvforsterkande prosessar i naturen som gjer at den globale oppvarminga kjem heilt ut av kontroll.

Sunnmøre regionråd står bak undersøkinga og har henta inspirasjon frå Hamar. –«jo fleire som er med å medverkar til plana, jo betre blir planane», seiar Einar Haram i Sunnmøre Regionråd. Til no er det 202 personar som har vore inne og svart på nettet. Det er innbyggarane i Stranda som har vore best på medverknad, her har 42 personar vore inne å svara

Svarfrist er sett til 1.10.20.

Vi ser fram til å høyre di meining!

Helsing

Sunnmøreskommunenes klima og energi nettverk