Klipte snora for ny politistasjon

Klipte snora for ny politistasjon

Philipp Kessler-Myking (prosjektleiar), ordførar i Herøy Bjørn Prytz, politistasjonssjef Tor Sæther og varaordførar i Sande, Einar Ekroll. Iselin Nevstad Øvrelid, Herøy kommune  Ved ei høgtideleg opning med snorklipping, vart endeleg Herøy og Sande sin nye politistasjon offisielt opna i Fosnavåg måndag.

- Gratulerer til oss alle med ein flott, ny politistasjon. Sjølv om det vart litt krøll på vegen, har vi i dag eit flott bygg vi alle kan vere stolte av, kommenterte ordførar i Herøy, Bjørn Prytz.

- For Herøy kommune er det både trygt, godt og lettvint å ha lovas lange arm så nærme oss, sjølv om eg personleg, og heldigvis, ikkje heilt har hatt den store kontakten med politiet. No er eg snart 78 år, og har aldri fått ei fartsbot, humra ordføraren i talen sin til politiet.

- Vi er veldig nøgde med tidsriktige lokale, veldig god luft og fin akustikk, seier Tor Sæther, politistasjonssjef ved Herøy og Sande politistasjon.

Sju tilsette har sin faste arbeidsplass her.   

Politiet har ei sivil avdeling og ei etterforskingsavdeling. I tillegg driv politiet med førebyggande tenester og har mange fleire funksjonar som er lagt til stasjonen.

- Det var flott at vi no endeleg fekk ha ei offisiell opning, men på grunn av pandemi og problem med leveransar av stolar og bord, har vi måtte utsette det. Det vart ei fin markering i dag saman med politimeisteren, politistasjonssjefen i Ålesund og leiar for driftseininga, politiets fellestenester for bygg og anlegg, tilsette i politiet og representantar frå kommunen, fortel Tor Sæther.

- Vi har eit viktig og godt samararbeid med kommunane, og særskild knytt opp til det førebyggjande arbeidet som er svært viktig, understrekar han.