Klubbpersonale/ungdomsleiarar - stillingar er ledig!

Klubbpersonale/ungdomsleiarar - stillingar er ledig!


Bufdir  Over 16 år og interessert i å vere med å skape eit godt fritidstilbod i Sande? Du rekk akkurat å sende inn søknad til stilling som klubbpersonale/ ungdomsarbeidar i eit nyoppretta tilbod.

Søknadsfristen er 10.august!

E-Sport gruppa i Larsnes IL skal gjennom tilskot frå BUFDIR drifte tiltaket "Ein stad å høyre til saman med andre". Dette skal vere eit lågterskeltilbod for born og unge i Sande. Tilhaldsstad ver på Kroa på Larsnes, og det vil vere ope 3-4 kveldar i veka. Her vert det aktivitetar som gaming, brettspel, prat, og fri fantasi. Det er eit ynskje om å opprette tilbodet snarast råd, så det vil vere løpande tilsetjing utover hausten. I fyrste omgang vert tilbodet drifta fram til jul, med visjon om forlenging om det fungerer fint.
Tilbodet vert organisert av styret i E-Sport gruppa i Larsnes IL. 

Her finn du heile annonseteksta med den informasjonen du treng for å søkje.