Kommunedirektøren sine presiseringar etter nye nasjonale tiltak

Klikk for stort bilete CDC, Alissa Eckert   Dei nye nasjonale råd og reglar påvirkar også vår kommune - sjølv om vi ikkje har nokon smittesituasjon no. 

Dette gjeld for Sande kommune etter innføring av nye nasjonale råd og retningsliner 25.mars: 

  • Møter der kommunen sjølv er arrangør: All møteverksemd skal vurderast gjennomført som digitale møter. Alle møter med fysisk frammøte skal berre gjennomførast i tilrettelagde lokale etter nasjonale retningsliner. Innbyggjarar kan avtale møte med saksbehandlarar.  Om 2 -metersregelen ikkje kan følgjast, skal det nyttast munnbind. 

  • Eksterne møter: Som hovudregel skal deltaking i eksterne møter avgrensast til eit minimum .og berre dersom det er naudsynt for framdrift og kvalitet i arbeidet. Nasjonale retningsliner må følgjast. 

  • Dersom eit møte MÅ gjennomførast fysisk, skal det vere faste tilviste plassar, minst 2 meter mellom plassane og maksimalt 20 personar til stades.
  • Ein råder til at pasientar ved legesenter og fysioterapi brukar munnbind ved oppmøte til avtalar. 
  • Det vert innført heimekontor for alle der dette er gjennomførleg. Dersom kontor må nyttast skal avstandsreglar følgjast.
  • Kvart einskild tenesteområde gjennomgår sine smittevernreglar og tilpassar drifta og smitteverntiltaka til nasjonale føringar, rettleiarar og råd.

Desse tiltaka gjeld til 12. april eller til regjeringa kjem med nye råd og tiltak før det.