Kommuneoverlegen bed ungdom og vaksne om å ta koronavaksina

Asta Sileikiene Privat  Kommuneoverlegen kjem med sterk oppmoding om å vaksinere seg.

-Først og fremst vil vi at alle skal få tilbod om vaksine slik at dei slepp å bli sjuke av korona. Dei fleste unge vaksne vil ikkje bli veldig sjuke dersom dei blir smitta, men også unge personar kan ein sjelden gong få alvorleg sjukdom. Kven som blir alvorlig sjuke kan ingen vite,  og derfor er vaksine den beste beskyttelsen også for unge friske, seier Asta Sileikiene - kommuneoverlege i Sande kommune.

Og så må vi hugse at også unge vaksne kan smitte vidare til sårbare personer rundt dei, som kanskje ikkje har hatt like god effekt av vaksina eller ikkje har kunne ta den av ulike grunnar.

All vaksinasjon vil begrense smitte i samfunnet slik at vi alle gradvis kan kome tilbake til en meir normal kvardag både i arbeidslivet, på barnehage og skule og i kvardagslivet.

Vaksine til 16 og 17 åringar

Vi har fått klarsignal om at 16- og 17-åringar skal kunne få vaksina. Foreldre og føresette må allereie no ta samtalen om vaksinering med sine håpefulle slik at vi kan kome fort i gong med dette. Sande legesenter tek kontakt for avtalar så snart dei har kapasitet. Dette gjeld dei som er fødde i 2004 og 2005.

Normalisering

Færre tiltak og normalisering av kvardagen er avhengig av at mange nok er vaksinert.

Sjølv om smittetala er lave no, vil det kunne komme nye smittebølger til hausten og vinteren, og dersom ikkje mange nok er vaksinert vil det kunne bety at det er nødvendig med strenge tiltak igjen, avsluttar Asta Sileikiene.

Kommunelegen oppmodar difor om at du tenkjer både på deg sjølv og andre –og tek imot tilbodet om vaksine. Har du tidlegare takka nei, er det lov å ombestemme seg. Då kan du ringe Sande legesenter for avtale. No har vi vaksine tilgjengeleg for deg!

Les meir om koronavaksine her