Kommuneplanens samfunnsdel - oppstart av planarbeid og høyring av planprogram 2020-2033

Kommuneplanens samfunnsdel - oppstart av planarbeid og høyring av planprogram 2020-2033

Sande kommune Sande kommunestyre vedtok i  K-sak 11/20 å starte opp arbeidet med å revidere kommuneplanen sin samfunnsdel.

Sande kommunestyre vedtok i K-sak 26/20 å legge planprogram for ny samfunnsplan ut til offentleg ettersyn og høyring i samsvar med §11-13 i plan- og bygningsloven.

Føremålet er at vi som kommune gjennom planarbeidet skal forme overordna mål, verdiar og strategiar for ei ønska samfunnsutvikling av Sande-samfunnet.

Sentrale føringar for det kommunale planarbeidet er gitt gjennom forventningsbrev og sentrale planretningslinjer. FN sine berekraftsmål vert i så måte også sentrale for oss i Sande-samfunnet i vårt arbeid med å vidareutvikle eit berekraftig universelt velferdssamfunn der alle kan føle tryggheit og tilhøyrigheit.

 

Saksframlegg og framlegg til planforgram finn de på lenkene under. 

K-sak 11/20  -Oppstart av  arbeidet med å revidere kommuneplanen sin samfunnsdel. (PDF, 333 kB)

Framlegg til planprogram 2020-2033 (PDF, 3 MB)

Saka sine dokument er også tilgjengelige på servicekontoret på Sande Rådhus, ta kontakt på telefon 70026700

 

Frist og adresse

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet med kommuneplanens samfunnsdel eller til planprogrammet vil vi gjerne ha elektronisk. Du kan skrive ditt høyringssvar her.

Merknader til saka kan også sendast til

Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no 

Frist for å kome med merknader er 08.mai 2020.