Kommunestyremøte 10.desember kl 14.00

Klikk for stort bileteÅrets mest utfordrande og spennande kommunstyremøte går av stabelen tysdag 10.desember.

I tillegg til årsbudsjett for 2020 og økonomiplan skal mange andre viktige saker avgjerast. 

På saklista står elles saker om samarbeidsprosjekt om arbeidsgjevarkontroll, krisesenter og overgrepsmottak. Søknadar om spelemidlar skal også handsamast , samt spørsmål om overtaking av Haugelia II, areal til regulert bustadområde. 

Den økonomiske situasjonen til  Sande kommune og budsjettframlegget er likevel det som det blir knytt mest spenning til. 

Sande kommune har fått mange innspel til budsjettframlegget, særleg i forhold til framlegg om skulenedlegging og innsparingane på oppvekstsektoren.

Du finn heile saklista til møtet i kommunestyret 10.des kl 14.00 her. 

Møtet er ope for alle.