Kommunestyremøte 30. oktober 2018

På saklista til kommunestyremøte 30. oktober kl 13.45 står mange interessante saker.

Vi får blant anna besøk av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk sin daglege leiar Einar Heimdal som vil fortelje om status, tidsaktuelle saker m.m.

Korleis står det til med økonomien i kommuna og kva skjer med skulestrukturen?  Sakene skal til handsaming på møtet.

I tillegg skal tilstandsrapporten for grunnskulen for 2018 handsamast. Kystverket skal få tilleggsavtale for Gjerdsvika hamn og Sande kommune skal  bestemme om ein skal selje Sandebu.

Du finn desse og fleire andre saker på innsynsportalen.