Kongebesøket 31.august - det blir folkefest!

Ivar Ekseth / NTB Scanpix Det blir stas å få Kong Harald og Dronning Sonja på besøk. På ettermiddagen  - når dei kjem i land frå kongeskipet -  blir det folkefest på rådhusplassen.

Programmet til kongeparet 

Kongeparet vil kome iland kl 16.00 ved flytebrygge i Larsnesvika med sjaluppen til kongeskipet. Her blir dei mottatt med blomster og velkomsthelsing. 

Kongeparet skal så få smakebitar av vårt kulturliv  - kor, korps og utdrag frå Kong Arthurspelet - presentert når dei kjem til ei tribune som blir oppsett. I tillegg blir det litt talar og gode ord frå både kongepar og vertskap. Kongeparet får også helse på utvalde inviterte gjestar i etterkant av programinnslaga før dei forlet plassen og reiser tilbake til Kongeskipet.

Festmiddag på Breidablik 

Sande kommune skal arrangere festmiddag for Kongeparet og dei 4 andre kommunane - Fjord, Hareid, Sykkylven og  Vanylven -  som får kongeleg besøk . Det blir "Feel Royal"  - arrangert av Feel-It gruppa på Landbyhuset Breidablik med ulike programinnslag frå kommunen. 

Det er tilsaman 150 inviterte personar frå dei ulike kommunane som deltek på festmiddagen.

Folkefest for alle

Sande kommune jobbar for at dette skal bli ein folkefest for alle og håper at mange vil vere med! Det er lurt allereie no å krysse av på kalenderen, ta fram norske flagg og stryke finskjorta slik at vi er klar å ta imot dei kongelege. 

Det vert ein del aktivitetar i området ved Rådhuset frå kl 14.30 og framover mot folkefesten kl 16.00. Vi oppmodar folk om å vere på plass i god tid. 

Ein håper også å få til litt sal av mat og drikke i samband med folkefesten, slik at det kan bli ein fin ettermiddag til å treffe både dei kongelege, sandssokningar og andre som møter opp! 

Vi håper sjølvsagt på ei fin ramme med godt ver, god stemning og mange norske flagg på flaggstengene denne dagen. 

Samferdsel og tilkomstar

Rådhusplassen og området rundt ferjekaia blir denne ettermiddagen rigga for folkefest og kongebesøk.

  • Følgande endringar rundt samferdsel er planlagt:
    • Ferje (rute 01):
      • Ferjeankomst til Larsnes kl 1545 og kl 1630 vert innstilt.
      • Ferjeavgong frå Larsnes kl 1440 vert framskunda til kl 1410. Avgang kl 1620 og kl 1700 vert innstilt.
      • Ferjene vil i nemnde tidsperiode (1415 – 1730) anløpe Kvamsøy, Voksa, og Åram ihht ruteplan (også B-ferja).
    • Buss (linje 310):
      • Busshaldeplassen på ferjekaia vert stengt frå kl 1415 fram til kl 1730 – næraste busshaldeplass vert på fv 61 ved Joker/ Coop Larsnes.
    • Passasjerbåtruta/ambulansebåt:
      • Ankomst-/avgongskai Larsnes er tenkt flytta frå Larsnes ferjekai til Larsnes Mek as si flytekai.

Dei som skal vidare til Åram, Voksa og Kvamsøy på dette tidspunktet må køyre om Årvika.  Det er også planlagt avstengt tilkomst til Larsnes Last og Buss as i tidsrommet  frå kl 14.00  til kl 18.00.

I tillegg jobbar teknisk sektor med å finne gode løysingar for parkering for alle denne dagen. Detaljert annonsering rundt temaet kjem seinare. 

Kanskje blir det båtkonvoi? 

Småbåtlag er utfordra til å organisere båtkonvoi.

I alle fall kan du som vil møte kongeskipet når dei kjem inn på fjorden, gjerne helse dei velkommen frå sjøsida. 

Det er desverre ikkje plass til at båtfolket kan gå på land på Larsnes. 

Det detaljerte programmet med meir informasjon vil kome seinare i sommar når dagen nærmar seg. 

 

 

Kontakt

Olav Myklebust
ordførar
E-post
Mobil 481 59 398