Koronaråd- og reglar for påska i Sande

Koronaråd- og reglar for påska i Sande

CDC, Alissa Eckert  Vi ynskjer deg velkomen til Sande i påska, men vil at du skal planlegge litt opphaldet ditt.

Besøk i Sande

Vi bed om at tilreisande -  som kjem heim til påske  -  testar seg før ein reiser på påskeferie til Sande, og at ein tek test når ein kjem til kommunen.

  • Sande legesenter har ope for testing kvar dag denne veka og måndag og tysdag i påskeveka. Ta kontakt på telefon 70026750 for å avtale tidspunkt på førehand. Opningstida på telefon er kl 8.30 -15.00
  • Siste veka før du reiser på påskeferie, sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.
  • Test deg før du reiser. 
  • Pass på godt smittevern når du reiser.
  • Dersom du kjem frå område med høg smitte bør du halde ekstra avstand (2 meter) til personar i risikogruppene.
  • Test deg så snart som mogeleg om du trur du er smitta.
  • Om du har symptom skal du vere heime og i ro.

 

Skulle det verte utbrot av korona-smitte i påskehelga vil det sjølvsagt vere testkapasitet og smittesporing tilgjengeleg om det er behov for det. Det håper vi å unngå! 

 

Skal du  på hytta/ fritidsbustaden  din i påska?

I Sande har vi ikkje innført lokale forskrifter. 

Kjem du på besøk til oss frå eit område med lokale forskrifter, skal du etterleve desse når du er på besøk i Sande. Det er elles slik at vi i  Sande kommune fyl dei nasjonale råda og retningslinene som er gitt.

 

Påsketurar

Som dei fleste er klar over er smittesituasjonen i regionane rundt meir alvorleg, og ein håper sandssokningen ikkje besøkjer desse områda. Vi har mange fine turmål i vårt nærområde - bruk desse!