Vi oppfordrar særleg dei under 52 år om å ta imot tilbodet om boosterdose- altså 3.dose. Det er her vi har lavaste vaksineringsprosenten.
Sjekk dato for siste vaksinering- det skal vere 4,5 mnd mellom dose 2- 3. Gjeld dei som fekk vaksine før den 20.august.
Tek du blodfortynnande medisin, må du vente med medisinen til 1 time etter vaksinering.
Dei ulike aldersgruppene møter på desse tidpunkta:
53+ : 13.00 -14.00
52 – 47 år : 14.00 – 15.00
46 – 18 år : 15.00 – 16.30
Vi håper på godt oppmøte!
Vel møtt!