Koronavirus

  

Oppdatering 08.12.21 kl 21.00

Fleire smittetilfelle i Sande

Denne veka har vi så langt fått meldt 11 Covid-smitta personar. Det er to uvaksinerte blant dei PCR-stadfesta smittetilfella.

Ingen fleire er så langt påvist smitta etter «utbrotet» ved Sandetun omsorgssenter før helga. Rutiner for vidare testing av aktuelle held fram. Sandetun omsorgssenter er ope for friske besøkande som bruker munnbind.

Det er heller ikkje så langt vi kjenner til nokon smitta etter kommunestyremøtet i førre veke.

Frå midnatt – altså 9.desember- har vi fått nye nasjonale råd og reglar som vi skal følgje.

https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/nasjonale-rad-og-regler/id2890588/

Det er viktig at vi set oss inn i desse og fyl dei slik at vi kan hindre smitte i samfunnet og dermed minke trykket på helseføretaka i vårt distrikt. Sjukehusinnleggingar har auka mykje denne veka, og helseføretak og alle helseavdelingar lokalt er no hardt pressa.

Hald avstand – 1m -  og bruk munnbind der du ikkje kan klare «å halde meteren».

No må vi alle gjere ein innsats!

 

Minner også om at det er ny vaksineringsdag på Breidablik på onsdag 15. desember. Fyl med i lokalpresse og her på sida slik at du kan kome til vaksinering!

Fint viss ein minner kvarandre om datoen, og at det er viktig at vi får tatt vaksinen når vi får tilbod om den. Helsemyndigheiter erfarer at ein om ein er vaksinert, er det mindre sjans for å bli alvorleg sjuk. Du kan sjekke kva som var siste vaksinedato ved å logge deg inn på Helsenorge.no.

Fredag vil vi kome med ny oppdaterting på smittesituasjonen.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 06.12.21 kl 13.05.

Sandetun omsorgssenter ope igjen frå 07.12.21

Sandetun omsorgssenter har normal drift igjen og er ope for besøkande frå i morgon 7.desember.

Leiinga ønsker velkomen heilt friske personar utan nokon symptom på sjukdom og oppmodar besøkande om å bruke munnbind.

 

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113.

 

Oppdatering 05.12.21 kl 19.25

Helse og omsorg – ein ny tilsett smitta

Etter situasjonen fredag der vi melde om at ein tilsett i pleie og omsorg fekk påvist Covid19-smitte, er det meldt om ein ny tilsett som er smitta. Dei to tilsette er ikkje busette i Sande og det er bukommunene deira som syter for smittesporing og oppfølging av desse.

Alle tilsette og bebuarar som var i kontakt med dei smitta har blitt testa med hurtigtest, og det er ikkje funne noko smitte.

Sandetun omsorgssenter blir stengt for besøkande til og med måndag - det same med Øya aktivitetssenter. Ny oppdatering på dette vil kome i løpet av måndag.

Sandetun omsorgssenter fyl nasjonale retningsliner og  rutiner for vidare testing blant tilsette, nærkontakter og bebuarar i Sande utover veka. Rutinene er sette i verk, og ein håper med dette å ha kontroll på situasjonen.

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113.Oppdatering 03.12.21 kl 21.30

 

Oppdatering 03.12.21 kl 21.00

Ein person smitta - omsorgssenteret stengt for besøkande

Kommuneoverlegen melder i kveld om ein Covid-smitta tilsett ved Sandetun omsorgssenter.

Det vert i morgon sett i gong testing av personale og bebuarar, og Sandetun omsorgsenter er stengt for besøkande til og med måndag 06.12.21.

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113.

 

03.12.21

Ingen nye smitta

Den siste veka har det ikkje vore stadfesta nokon med Covid-smitte i Sande, opplyser kommuneoverlegen Asta Sileikiene. Det er godt nytt!

Denne veka har ein også gjennomført vaksinering på Breidablik. Aldersgruppa heilt ned til 51 år har fått tilbod om vaksine. Vi er såleis godt i gong med å vaksine med 3.dose -  også for dei som er under 65 år.

Av 240 aktuelle personar til vaksinering var det berre 157 som møtte. Det har vore annonsert i lokalpresse, heimeside og på facebook.

Mykje ressursar er avsette til vaksinering og kommuneoverlegen oppfordrar sterkt alle om å vaksinere seg. Alle som har bestemt seg for å vaksinere seg får 1., 2. eller 3.dose ved neste vaksineringsdag den 15.desember. Det er berre å møte opp når dette blir annonsert. Sjekk på helsenorge.no kva tid du fekk siste dose  - om du har gløymt det!


Med smitten etter julefesten på Frogner/Aker Brygge kan Norge ha fått den første registrerte massesmittehendinga i verda med Omikron-varianten. Utviklinga kan komme til å gå svært raskt. Det er ikkje kunnskap om korvidt vaksinering  begrensar smitte med Omikron-varianten. Vaksinering kan hjelpe mot alvorleg sjukdom, seier kommuneoverlegen. Det er difor viktig å vaksinere seg.  

 

Det er viktig at du set deg inn i dei nye nasjonale råd og reglar som gjeld frå i dag 3.desember.

  • Sei ja til vaksine
  • ver heime og test deg når du er sjuk
  • bruk munnbind der du ikkje kan halde avstand

Sande kommune har ikkje innført lokale tiltak som er strengare enn dei nasjonale.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

Oppdatering 26.11.21

Framleis litt smitte i samfunnet

Kommuneoverlegen melder om tilsaman 2 Covid-19 tilfelle denne veka.  Ein eldre person har truleg fått smitte via kjelde i Ulstein kommune. I tillegg har så ein familiemedlem vorte smitta. Begge personane er i isolasjon.

Kommuneoverlegen i Herøy  melder om at ein Covid-positiv i Herøy var på Sandemessa søndag. Om nokon som var på Sandemessa søndag kjenner på symptom, må ein teste seg og vere heime.

 

Vi har ikkje innført noko lokal forskrift i vår kommune og det er såleis nasjonale retningsliner som gjeld.

 

 Minner elles om endringane i Covid-forskrift som er endra frå 16.november.

«Endringen innebærer:

  • I ny § 7a innføres en plikt for person over 18 år som har vært i nærkontakt med person i samme husstand eller tilsvarende nære som er bekreftet smittet av SARS-CoV-2, til å teste seg hver dag med antigen hurtigtest, eller annenhver dag med PCR-test, i syv dager fra nærkontakten fant sted. Testplikten gjelder også ved nærkontakt som har funnet sted mindre enn 48 timer før den smittede fikk de første symptomene på smitte. Der den bekreftet smittede ikke har symptomer på smitte skal husstandsmedlemmer og tilsvarende nære teste seg syv dager fra den smittede testet positivt første gang.
  • Testplikt gjelder ikke for husstandsmedlemmer eller tilsvarende nære som er fullvaksinert mot SARS-CoV-2, jf. § 3 sjette ledd, eller som ved godkjent laboratoriemetode har testet positivt for SARS-CoV-2, med varighet fra avisolering til 12 måneder etter prøvedato, jf. § 3 femte ledd nr. 3.
  • Person med testplikt som tester positivt med antigen hurtigtest skal kontakte helse- og omsorgstjenesten for å ta PCR-test.
  • Forskriften trer i kraft 16. november 2021 kl. 24:00.»

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113.

 

Oppdatering 19.11.21

Få smitta denne veka

Siste veka er det berre stadfesta 2 smitta personar med Covid-19. Begge kom frå utlandet. Dei er i isolasjon og er ikkje alvorleg sjuke, opplyser kommuneoverlegen.

Regjeringa varsla i dag nye nasjonale tiltak som vi skal forhalde oss til:

Helseministeren minner oss elles om at vi skal vere heime når vi er sjuke ved milde symptom og droppe handhelsing.

Kommuneoverlegen minner om at du skal teste deg ved symptom  og i samsvar med endringane i Covid-forskrifta.

Covid-19-forskriften er endra frå 16.november

«Endringen innebærer:

  • I ny § 7a innføres en plikt for person over 18 år som har vært i nærkontakt med person i samme husstand eller tilsvarende nære som er bekreftet smittet av SARS-CoV-2, til å teste seg hver dag med antigen hurtigtest, eller annenhver dag med PCR-test, i syv dager fra nærkontakten fant sted. Testplikten gjelder også ved nærkontakt som har funnet sted mindre enn 48 timer før den smittede fikk de første symptomene på smitte. Der den bekreftet smittede ikke har symptomer på smitte skal husstandsmedlemmer og tilsvarende nære teste seg syv dager fra den smittede testet positivt første gang.
  • Testplikt gjelder ikke for husstandsmedlemmer eller tilsvarende nære som er fullvaksinert mot SARS-CoV-2, jf. § 3 sjette ledd, eller som ved godkjent laboratoriemetode har testet positivt for SARS-CoV-2, med varighet fra avisolering til 12 måneder etter prøvedato, jf. § 3 femte ledd nr. 3.
  • Person med testplikt som tester positivt med antigen hurtigtest skal kontakte helse- og omsorgstjenesten for å ta PCR-test.
  • Forskriften trer i kraft 16. november 2021 kl. 24:00.»

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 12.11. kl 14.00.
Smittetala går ned i Sande

Kommuneoverlegen melder om 4 nye smittetilfelle sist veke. 

Ingen er alvorleg sjuke og alle er i isolasjon. 

Det er viktig at alle med symptom held seg heime og tek ein test enten med sjøltest eller ved å kontakte legesenteret. Får du positiv sjøltest bør du kontakte legesenteret for å ta PCR-test.

Kommuneoverlegen fyl situasjonen tett og oppmodar alle:

Om du ønsker kan du også bruke hurtigtestar som du får kjøpt på apotek. Får du utslag på denne, bør du bestille time for testing ved Sande legesenter.

Sande kommune vil komande veke tilby 3. dose koronavaksine til dei over 70 år, sjå eigen artikkel om tid og stad. 

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 05.11 kl 14.00

Framleis smitte i lokalsamfunnet
 

Kommuneoverlegen melder om 14 nye smittetilfelle siste veke (30.10 - 05.11).

Samtlege smitta gjennomfører isolasjon og ingen er alvorleg sjuke. Det er viktig at alle med symptom held seg heime og tek ein test enten med sjøltest eller ved å kontakte legesenteret. Får du positiv sjøltest bør du kontakte legesenteret for å ta PCR-test.

Kommuneoverlegen fyl situasjonen tett og oppmodar alle:

Om du ønsker kan du også bruke hurtigtestar som du får kjøpt på apotek. Får du utslag på denne, bør du bestille time for testing ved Sande legesenter.

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 29.10 kl 14.00

Litt stigande smitte siste veka

Kommuneoverlegen melder om 21 nye smittetilfelle siste veke (22.10 – 29.10).

Blant dei smitta er det 4 barn. Det er ikkje meldt om fleire nye smittetilfelle i skule og barnehage etter forrige helg.

Samtlege smitta gjennomfører isolasjon og ingen er alvorleg sjuke. Det er viktig at alle med symptom held seg heime og tek ein test enten med sjøltest eller ved å kontakte legesenteret. Får du positiv sjøltest bør du kontakte legesenteret for å ta PCR-test.

Kommuneoverlegen fyl situasjonen tett og oppmodar alle:

Det er forkjølelse  i samfunnet  – noko som er heilt normalt for årstida.

Vi minner også om influensavaksineringa som startar i alle bygdelag neste veke. Tid og stad for vaksinering kan du lese her.

Om du ønsker kan du også bruke hurtigtestar som du får kjøpt på apotek. Får du utslag på denne, bør du bestille time for testing ved Sande legesenter.

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 22.10. kl 15.00

Framleis smitte i lokalmiljøet

Kommuneoverlegen melder om at det denne veka – måndag til og med fredag – er meldt om 13 smittetilfelle.

6 av desse er knytt til Myklebust verft og 7 er tilknytta skulen (4 elevar og 3 foreldre).

Det er i dag ikkje meldt at nokon av desse er alvorleg sjuke.

I veka som snart er omme, er det testa tilsaman  78 personar.

Kommuneoverlegen følgjer sjølvsagt situasjonen -  sjølv om vi har nedjustert TISK .

Skulen har prøvd å informere heimane så langt ein kan. Det viktige for alle er no å følgje flytskjemaet som viser korleis ein skal opptre når ein blir sjuk.

Flytskjema 

Det er forkjølelse  i samfunnet  – heilt normalt for årstida.

Om du ønsker kan du også bruke hurtigtestar som du får kjøpt på apotek. Får du utslag på denne, bør du bestille time for  testing ved Sande legesenter.

12 personar i Sande har fått 3.dosen med vaksine.

KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

Oppdatering 19.10 kl 23.00 

Nye smittetilfelle

Kommuneoverlegen melder om to nye smittetilfelle etter PCR test og to nye smittetilfelle etter hurtigtest blant elevar ved Gursken oppvekstsenter tysdag kveld. Nære elevar som kan vere eksponert for smitte har fått tilbod om hurtigtest onsdag før skulestart.

Det blir normal skulegang ved Gursken oppvekstsenter onsdag.

Men husk:

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering  15.10 kl 15.50

Smitte-tala går framleis ned

Denne veka har kommunelegen fått stadfesta-  med PCR-test  -6 tilfelle av Covid-19 sidan måndag ettermiddag.  Av dei som tidlegare er meldt smitta, er no dei fleste friskmelde og ingen er alvorleg sjuke.

Med god innsats frå alle partar har ein rimeleg god kontroll på utbrotet som starta for 3 veker sidan.

Kommuneoverlegen minner likevel om at

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 11.10 kl 18.45

Smitte-tala går ned

Sande kommune vel å kome med ei oppdatering etter helga.

Sidan laurdag er det stadfesta tre nye Covid-smitta personar, stadfestar kommuneoverlege Asta.

Smittetala i dette utbrotet er på veg ned, og ingen er alvorleg sjuke. Mange er på plass på jobb igjen.

Bedriftene har jobba veldig godt med testing og smittevern og har gjort ein kjempeinnsats.

 

Mange av dei smitta i dette utbrotet hadde ikkje vaksinert seg så kommuneoverlege Asta Sileikiene minner på nytt om kor viktig det er med vaksine. Kommunen har vaksine tilgjengeleg og det er berre å bestille time på 70026750.

Om du er vaksinert er det mindre sannsynleg at du blir veldig sjuk- nokre har ikkje symptom i det heile. Tenk på at du med vaksine vernar ikkje berre deg sjølv, men også dei sårbare gruppene.

 

Når skal eg teste meg?

Om du har symptom skal du teste deg.

Uvaksinerte husstandsmedlemmar til ein koronasjuk skal teste seg. Så illustrasjon nedanfor. 

Er du husstandmedlem og har fått 1. dose vaksine for minst 3 veker sidan- test deg -gjerne straks. Sjå illustrasjon nedanfor.

Er du fullvaksinert treng du ikkje teste deg.

Er du nærkontakt til ein  som er smitta og får SYMPTOM- test deg med ein gong. Følg med på eiga helse i 10 dagar – sjå meir i illustrasjonen under her.

Sande legesenter testar deg  om du er i ein slik situasjon.

 

Hurtigtestar er tilgjengeleg i varehandelen no – og om du vil kan du kjøpe desse for å kunne teste deg dersom du er usikker.

Kva gjer du når du blir sjuk ?

Hausten er komen og det er vanleg å få litt luftvegsymptom.

Flytskjemaet frå FHI er ein fin illustrasjon som kan vere til god hjelp både på arbeidsplassen og heime.

Flytskjema Ny oppdatering vil kome  mot slutten av veka

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 09.10 kl 21.00

5 personar smitta i dag

5 nye smittetilfeller er stadfesta etter PCR-test fredag.
Kommuneoverlegen har fått stadfesta 3 nye smittetilfeller dag -  arbeidarar på Myklebust verft -  etter PCR- test i går. Alle er i isolasjon.

Ein elev ved Gursken oppvekstsenter er stadfesta smitta etter PCR-test i går. Smittekjelda er utbrot ved Myklebust verft.. Nærkontakter har fått tilbod om testing i dag.

Ein person er stadfesta smitta i Sande etter PCR-test i går. Vedkomande er sett i isolasjon og smittekjelda her er importsmitte frå utlandet.

Smittesporing er fullført. Mange er testa på legesenteret i dag og mange har fått med seg sjølvtestar for vidare overvåking i heimen dei komande dagane.

Kommuneoverlegen oppmodar alle om å teste seg ved symptom og vere ekstra varsom ute i samfunnet.

Det betyr at vi må 

  • vaske hender
  • vere heime om du er sjuk
  • test deg ved symptom

Følg flytskjemaet  om du er sjuk - det finn du  her.  (PDF, 105 kB)

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 08.10 kl 17.00

Mange smitta denne veka

Totalt 78 personar er smitta i samband med utbrotet ved Myklebust verft.

2 av dei smitta er ikkje tilsette ved verftet, men har tilknytning dit. Samtlege smitta sit i isolasjon.
Kommuneoverlegen opplyser at tala på nye smitta pr dag ved verftet går ned.

Myklebust verft  har teke situasjonen på største alvor og innført strengare reglar på arbeidsplassen enn det retningslinene seier. Kvar tilsett vert testa kvar dag med hurtigtest for evt å avdekke smitte. Kommuneleiinga og kommuneoverlegen fyl situasjonen tett - og vurderer fortløpande det som skjer.

Dette dei nasjonale føringane som gjeld.

Sjølvsagt vil vi at alle er merksame og gjer gode vurderingar på korleis ein opptrer i Sandesamfunnet i denne situasjonen.

Det blir heile tida  gjort risikovurderingar på pleie og omsorgssektoren i forhold til å gi trygg og god pleie til dei som treng det. Såleis også i denne situasjonen. Omsorgssenteret er ope for alle, men vil ha besøk berre om du er heilt frisk.

Om det er nokon som ikkje er vaksinerte, kan ein framleis få vaksine ved å kontakte Sande legesenter - tlf 70026750 – for å bestille time.

Følg elles dei generelle råda om :

  • vaske hender
  • vere heime om du er sjuk
  • test deg ved symptom

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 05.10 kl 10.00

Framleis smittesituasjon

Kommuneoverlegen melder i dag at vi framleis har smitte i Sandesamfunnet og at utbrotet forrige veke ikkje er over. Vi har fått nye smitta  i helga og vi forventar nye positive tilfelle utover veka. Dette er  basert på at at at fleire har fått positiv hurtigtest før dei kjem til PCR-testing.

Saman med bedrifter som er involverte utfører  Sande legesenter eit omfattande testarbeid for å få kontroll på situasjonen. Det er også nokre tilfelle av smitte elles i samfunnet - utanom bedriftene.

Kommuneoverlegen minner difor om at vi framleis må ha fokus på generelle smittevernsreglar:

  • Teste deg ved symptom
  • Vere heime når du er sjuk
  • Hand- og hostehygiene er viktig

Her er illustrasjon som kan hjelpe deg å forstå kva du må gjere om du ikkje føler deg i form.Flytskjema 

 

Tenk smittevern – vis omsyn og ver med på å hindre at smitten kjem ut av kontroll!

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering fredag 01.10.  kl 13.00 

Mange smitta

Kommuneoverlegen melder om at tilsaman 25  personar - inkludert tidlegare melde den siste veka - er stadfesta smitta  etter PCR- test i  samband med eit utbrot ved ei bedrift og underleverandørar til denne bedrifta i Sande. Smittekjelda er dei tidlegare melde tilfella denne veka. Omfattande testing held fram. I gruppa med smitta er det både vaksinerte og uvaksinerte - dei fleste har lite symptom. Ingen er alvorleg sjuke.

Kommuneoverlegen har tett samarbeid med dei som er involverte i situasjonen og ein har kontroll over situasjonen så langt. Ingen lokal føreskrift er innført.

Det er no innført nye retningsliner for korleis du skal opptre dersom du kjenner på symptom og skal teste deg - les meir her.

 

Følg elles dei generelle råda om :

  • vaske hender
  • vere heime om du er sjuk
  • test deg ved symptom

Sande kommune vil elles legge ut informasjon om situasjonen ein gong pr veke  no framover.

Det gjer vi med bakgrunn i at vi også i vår kommune har ein høg % vaksinerte i befolkninga og at vi såleis ikkje vil bli så sjuke av evt smitte.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 29.09. kl 16.00 

4 personar smitta 

4 nye personar er smitta etter PCR test, stadfestar kommuneoverlegen. I tillegg har 5 testa positivt etter hurtigtest i dag. Dei smitta er satt i isolasjon og omfattande testing er sett i gong.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 26.09. kl 21.00

6 personar smitta

Kommuneoverlegen melder i kveld om seks smittetilfeller etter det positive tilfellet vi meldte om fredag.  Ingen nye personar vert sett i karantene i samband med dette.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 24.09. kl 15.00 

Ein person smitta

Kommuneoverlegen har fått melding om at ein person er stadfesta smitta etter å ha tatt PCR-test. Vedkomande er fullvaksinert. I samband med dette er det tatt mange testar i dag. Svar på testane er venta i løpet av helga.

Totalt denne veka er 84 testa.

Frå i morgon laurdag har regjeringa bestemt at vi skal gå over til ein normal kvardag med auka beredskap. Dette kan du lese meir om her.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 15.09. kl 11.00 

Ingen ny smitte

83 PCR-testar vart tatt førre veke og ingen smitte er oppdaga. Det er vi glade for.  Det har vore utført eit stort arbeid med vaksinering i kommunen og truleg er det difor vi ikkje har utbrot.

Her finn du oversikt på vaksinasjonstala i Sande.

Minner likevel om dei generelle smittevernsreglane - hald avstand, hald hendene reine og bli heime dersom du er sjuk. 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 09.09. kl 08.15 

Ein ny person smitta

Kommuneoverlegen fekk seint i går kveld melding om eit nytt smittetilfelle etter PCR-test. Vedkomande er vaksinert med to doser, men har likevel blitt smitta. Smittekjelda er den same som dei 3 siste tilfella i Sande. Vedkomande har, etter pålegg frå kommuneoverlegen, vore i karantene og der er ingen nye nærkontakter.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 07.09.21 kl 08.45

Ingen nye smitta

Dei siste dagane har vi ikkje fått melding om ny smitte i Sande. 90 personar testa seg i førre veke. Det er flott at vi fyl regelen om å teste ved symptom eller når vi blir pålagt å teste oss.

Vaksineringa held fram denne veka med vaksinering av den yngste aldersgruppa i tillegg til vaksinering av dei som skal ha dose to.

Ta kontakt med Sande legesenter –tlf 70026750 – for bestilling av vaksinering.

Og så minner vi på nytt om smittevernsreglane som er så viktige: hald avstand, vask hender og ver heime om du er sjuk.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 03.09. kl 21.15

3 personar smitta

Kommuneoverlegen melder om 3 positive koronaprøver etter PCR- test i går. Alle er nærkontakter av koronapositiv forrige torsdag. Dei tre som er smitta er alle vaksinert og har milde symptom.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 02.09. kl 13.50

Ingen nye smitta

I distriktet rundt er det oppdaga ein del smitte, men førebels har vi gått fri i vår kommune. 114 testar vart tatt forrige veke. Det betyr at vi held oppe fokuset. 

Ved symptom oppmodar vi om at du kjem og testar deg, er meldinga frå kommuneoverlege Asta Sileikieine. - Det er slik vi kan avdekke og stoppe utbrot.

Asta Sileikiene oppmodar også veldig klart om at dei som ikkje har vaksinert seg, bør gjere det. Vi har klar Pfizervaksine til deg. 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 28.08.  kl 21.45

Ingen nye smitta

Alle testane som vart tatt fredag - som følge av den positive prøven torsdag -  er negative i følge kommuneoverlegen. Ingen ny smitte i Sande.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 26.08.kl 22.00

Ein person smitta i Sande

Kommuneoverlegen har i kveld fått melding om at ein person i Sande er stadfesta smitta. Smittekjelda er ukjend.  Til no er det definert seks nærkontakter,  men dette talet kan auke utover kvelden når smittesporing er fullført.

Testing av nærkontakter blir utført i morgon. Tilsaman 36 personar  har fått melding om å kome til testing i morgon i samband med denne situasjonen.

Det er framleis behov for å minne om dei generelle smittevernsreglane :

  • vaske hender
  • halde avstand
  • vere heime om du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

 

Oppdatering  20.08 kl 16.45

16- og 17 åringar får vaksine

Sande legesenter ringer neste veke ut for å kalle inn 16- og 17 åringar til vaksinering. Dei som skal ha dose 2 får også tilbod om å framskunde vaksinedatoen sin.

Gjengen i helse og omsorg står på for å få vaksinert flest mogeleg. I tillegg til testing er dette viktig for å halde vekk og evt oppdage smitte.

Det vart tatt 84 koronatestar denne veka- så sandssokningen held fokuset!  Bra jobba alle saman!

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 18.08. kl 12.50 

Ein person smitta

Ein person på veg til Sande har testa positivt for korona. Vedkomande kom frå utlandet i går og testa positivt ved ankomst til Norge. Personen sit no i  isolasjon på Torp, Sandefjord. Den smitta har ein nærkontakt som sit i karantene i Sande.

Minner om at testing ved Sande legesenter kan avtalast på 70026750. Forrige veke vart det tatt 135 testar ved kontoret. Testing ved symptom er det som kan avdekke smitte!

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

 

Oppdatering 15.08. kl 19.30

Ingen fleire smitta 

Det er gjennomført mykje testing gjennom helga for å identifisere og hindre smitte.

Det er ikkje fleire positive testar og alle er ute av karantene etter negative testar også i dag.

Det er tidlegare i veka avlagt to positive testar på to ulike personar som kom reisande frå utlandet. Dei er testa etter dette og har no avlagt negativ test. Kommuneoverlegen meiner det positive utslaget skuldast tidlegare gjennomgått Covid.

Alle er ute av karantene og barnehagen på Kvamsøy er open som normalt måndag.

Kommuneleiinga takkar innbyggarane som har vore involverte, for innsatsen for å kartlegge situasjonen.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

 

Oppdatering 12.08. kl 21.00

Ein person stadfesta smitta i Sande

Ein person er stadfesta smitta med korona etter PCR-test.

Vedkomande har fleire nærkontakter då han har møtt på jobb, og det blir jobba med smittesporing no i kveld. Evt nærkontakter får melding i kveld om å møte til testing i morgon.

Som følge av dette held Kvamsøy barnehage stengt i morgon. Tilsette og føresette blir kontakta no i kveld og får avtale om tid for testing.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 11.08. kl 21.45

Ingen smitte påvist

Akkurat no fekk kommuneoverlegen melding om at alle prøvene som vart tatt i går var negative- så flott!

Det var ei god nyheit på onsdagskvelden!

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 11.08. kl 21.00

Den positive hurtigtesten i går var falsk positiv

PCR-test for denne personen vart analysert i dag og var negativ. Det vil sei at personen har ikkje vorte smitta av korona. 

Vi har ikkje fått status for alle testane som vart tatt i går ettermiddag.  Det er i kveld ikkje meldt om noko smitte og vi håper på smittefritt resultat etter at dei er ferdig analyserte. 

Smitten aukar elles i landet og det er grunn til å minne om generelle smittevernsreglane i dag også!  Test deg om du kjenner på symptom!

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

Oppdatering 10.08. kl 18.35

Ein person med positiv hurtigtest

Ein person med symptom har testa positivt etter hurtigtest i Sande i dag. Vedkomande har også tatt PCR-test. Denne blir køyrt til Molde for analyse i ettermiddag.  Evt smittekjelde er førebels ukjend.

Det er tatt 59 testar i dag, nokre få av dei er nærkontakter til den som hadde positiv hurtigtest. Hittil har ingen hatt positivt utslag på hurtigtest som er tatt i tillegg til PCR-test. Desse testane blir også køyrt til Molde i ettermiddag og svara frå PCR-testane er venta i morgon.

I forrige veke vart det tatt 112 testar tilsaman. Dette viser at vi har fått med oss den viktige bodskapen om å teste oss ved symptom. Ingen av desse  hadde positiv test.

Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk!

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113 

 

 

Oppdatering 03.08.kl 11.00

Presiseringar om evt smittestad

Det er no avklart at nokre av dei smitta personane vi melde om i går berre hadde vore på Isehaugs kafeteria/ Johans pub og ikkje vore deltakande på andre arrangement på Stryn Gummibåtfestival.  Det er difor viktig at dei som har vore på denne staden i gitt tidsrom laurdag 31.07 kl 1600- 0100 tek ein test ved å kontakte Sande legesenter for avtale.

-Sjølv om du har fått negativt svar på korona-test, bør du vere merksam på symptom dei 10 komande dagane, minner kommunelege Asta Sileikiene om. Vi har no 7 personar som er smitta og dette er etter forholda eit stort smitteutbrot i vår kommune.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 02.08.kl 20.10 

Deltok du på festival i Stryn i helga? Test deg!

Smittesporinga viser at fleire av dei seks smitta vi melde om tidlegare i kveld, deltok på Stryn Gummibåfestival sist helg. Kommuneoverlegen har vore i kontakt med sin kollega i Stryn og orientert om saka. Det kan ha vore fleire deltakarar på festivalen frå vår kommune som framleis ikkje er testa.

Kommuneoverlegen bed difor om at personar frå Sande som deltok på festivalen som gjestar på Isehaug kaféteria/ Johans pub i tidsrommet kl 1600- 0100 bør teste seg. Alle som var på desse plassane i oppgitt tidsrom bør teste seg, uavhengig av symptom. Ta kontakt med Sande legesenter i morgon for å få ein test.

Sjølv om du har fått negativt svar på korona-test, bør du vere merksam på symptom dei 10 komande dagane, minner kommunelege Asta Sileikiene om.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 02.08. kl 18.45

6 personar stadfesta smitta

Etter at 72 personar vart testa i går, melder kommuneoverlegen om at seks personar er stadfesta smitta. Dei sit no i isolasjon. Det er definert 15 nye nærkontakter av desse, i tillegg til fleire nærkontakter som vart testa allerede i går. Alle dei 15 er testa i dag og dei sit no i karantene. Testane er på veg i eigen bil til Molde for analyse.

Fleire av dei som er smitta er vaksinert med ein eller to doser med vaksine. Ingen av dei smitta er sjuke, men har lette symptom.

Framleis er det nokre av testane frå i går som ikkje er ferdig analysert. Fleire positive testsvar kan kome utover kvelden.

Tilsaman 121 testar vart tatt førre veke- medrekna søndagen.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 01.08. kl 16.00

Ein personsmitta av korona - Sandetun omsorgssenter stengt for besøk

Ein innbyggjar i Sande har testa positivt for Covid -19. Smitten er relatert til utbrotet i Ørsta/Volda men er ikkje 1 av dei 6 kontaktene vi tidlegare hadde definert.

I samband med dette har vi ein person som arbeider på Sandetun omsorgssenter som er definert som nærkontakt. Pasientar og personell i aktuell avdeling blir testa i dag.I påvente av svar på testar vert omsorgssenteret stengt for ordinært besøk, i første omgang til og med 2. august. 

Totalt 60 personar blir testa i dag, opplyser kommuneoverlegen.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 31.07. kl 21.50

Ingen smitte blant dei som sat i ventekarantene

I kveld stadfestar kommuneoverlegen at ingen av dei seks personane som vart sett i ventekarantene, er smitta. Det er vi glad for. Vi sluttar oss til den sterke oppmodinga frå kommunane med store smitteutbrot- om å vere med på dugnaden for å unngå meir smitteutbreiing

Vurder situasjonen framover og gjer gode vurderingar på kvar du ferdast. Er du ikkje vaksinert, må du vere ekstra varsam!

Og så var det dei enkle reglane som vi alle kan no: halde avstand, vere heime når du er sjuk og å vaske hender.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 29.07 kl 16.15

Nokre sandssokningar i ventekarantene etter utbrot i Volda /Ørsta området

Det har siste dagane vore eit utbrot med koronavirus i desse nabokommunene. Nokre sandssokningar er difor i ventekarantene og vi håper at vi slepp smittesituasjon i vår kommune.

Vi er glad for at så mange er vaksinerte- dette vil hjelpe veldig på om vi no skulle få eit utbrot. Kommuneoverlegen  oppmodar difor alle som ikkje har fått tilbod om vaksine om å ta kontakt for vaksinering- ring 70026750 eller bruk Helserespons.no

Hugs også på dei gode smittevernsreglane om å halde avstand- vere heime når du er sjuk og å vaske hender.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 23.07. kl 21.40

Ingen ny smitte

Det vart tatt 29 testar denne veka. Det er fint viss vi testar oss ved symptom - dette må vi halde fram med. 1355 personar har fått to dosar  vaksine ved Sande legesenter og er såleis fullvaksinert. Legesenteret  bed deg om å ta kontakt dersom du vil ha vaksine - bruke Helserepons eller tlf 70026750. 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 16.07.21 kl 23.00

Ingen ny smitte

Sandssokningen tek ikkje ferie frå testing. I forrige veke vart det tatt 85 testar- og ingen smitte vart påvist.Dette viser at vi tek ein test når vi lurer på om det er allergi eller sommarforkjølesle eller når vi må ha ein negativ test for å kome ut i turnusarbeid. Der er slik kv i må halde fram- ta ein test når du er usikker  på kva dette er- slik kan vi stoppe eventuelle utbrot.

Frå i dag 16.juli er det kome nokre endringer i innreiserestriksjoner og karantenehotell for flere land og områder i Europa, og flere nye lilla land  Gjer deg kjend med dette om det er aktuelt for deg.

Og dette er faktisk dei beste råda om ein er i Norge eller i utlandet

vaske hender -  halde avstand  -  vere heime om du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring

 

 

 

Oppdatering 06.07  kl 08.30

Ingen ny smitte 

39 personar testa seg i veke 26 og ingen smitte er påvist. Dette viser at mange tek testen for å vere på den sikre sida når ein kjenner på symptom. Sande legesenter  - 70026750 - gjer avtale med deg om du treng ein test. 

Du har sikkert fått med deg at Trinn 4 i gjenopningsplanen er utsett - les meir her.   

Difor er det desse nasjonale tiltaka som gjeld- også i Sande.

 

Skal du ut å reise i sommar? Les meir om koronasertifikat-ordninga.

Og dette er faktisk dei beste råda om ein er i Norge eller i utlandet

vaske hender -  halde avstand  -  vere heime om du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 29.06  kl 08.30

Ingen ny smitte 

Det vart utført 45 testar i veke 25. Mange må teste seg for å ha negativ test når ein mønstrar på båt eller skal inn i sin jobbturnus. I tillegg har vi no fått med oss at det er lurt å ta ein test når ein får forkjølelse. Sande legesenter gjer avtale med deg om du treng ein test. 

Ingen ny smitte er påvist, men det er grunn til å minne kvarandre om dei viktige smittevernsreglane

vaske hender -  halde avstand  -  vere heime om du er sjuk

Skal du ut å reise i sommar? Les meir om koronasertifikat-ordninga.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 18.06  kl 12.00

Ingen ny smitte 

Sandssokningane testar seg jamnt og trutt om dei kjenner på det minste symptom. Det vart utført 48 testar denne veka. 

Ingen ny smitte er påvist- vi håper heile Norge kan opnast meir og meir. Følg med på regjeringa.no  der Erna no kjem med ei pressemelding kl 13.00. Her er dei nye nasjonale råd og reglar.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 11.06  kl 20.15

Alle nærkontaktene har negativ test. Ingen ny smitte.

Alle som vart testa etter positiv test i går har negative testar. Smittesporinga er no avslutta.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

 

 

Oppdatering 10.06   kl 20.25 

5 av nærkontakene har negativ test

Kommuneoverlegen opplyser at 5 av dei 11 testane som vart tatt i ettermiddag er negative   - og dermed ingen smitte blant desse. Vi kjem med oppdaterte opplysningar når vi har status på dei andre. 

Det er framleis "avstand, vaske hender og halde seg heime når ein er sjuk" som gjeld.  Tre enkle, men viktige råd å hugse på.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 10.06. kl 15.30

Nytt smittetilfelle

Kommuneoverlegen er varsla om eit nytt smittetilfelle i Sande. I samband med dette vert 11 nærkontakter og arbeidskollegaer i eit leigefirma testa for korona i ettermiddag. Så langt melder kommuneoverlegen at smittesporingsarbeidet er oversiktleg.

Leigefirmaet har oppdrag i ei nabokommune, og involverte der er kontakta og informerte.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 08.06. kl 13.00

Ingen nye smittetilfelle

Sande legesenter opplyser at det i forrige veke vart tatt 36 testar og ingen smitte påvist. Vaksineringa går etter planen og du kan følgje med på planlagde aktivitetar her.

Hugs handvask og avstand og hald deg heime om du er sjuk - så held vi kanskje smitten borte i Sande !

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 28.05. kl 10.00

Ingen nye smittetilfelle

Sande legesenter opplyser at folk er flinke å kome og teste seg . I forrige veke vart det tatt 41 testar ved legesenteret. Mange er også vaksinerte no, men likevel må vi halde fram med å teste oss og føgje nasjonale tiltak, reglar og råd.

Hugs handvask og avstand og hald deg heime om du er sjuk - så held vi kanskje smitten borte i Sande !

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 18.05.kl 08.20

Ingen nye smittetilfelle

Det har vore langhelg og mange har vore på reise i samband med fridagar. Sande legesenter oppmodar om at ein testar seg når ein er tilbake i kommunen og du kan gjere avtale om testing på telefon 70026750.

I forrige veke vart det tatt 37 testar.

Smittetala i Norge går ned og vi håper alle at det skal fortsette.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 11.05.kl 09.00

Ingen nye smittetilfelle

Sist veke var det 16  personar som testa seg - og ingen smitte vart påvist. Det er tilreisande arbeidarar og den yngre garde som testar seg mest i Sande, opplyser Sande legesenter.

740 personar har no fått ei dose vaksine mot koronaviruset. 

Terskelen for å teste seg bør vere lav og du får raskt ein avtale når du kontaktar Sande legesenter - tlf 70026750.

Følg dei enkle og gode smittevernsreglane og dei siste oppdateringane med dei nasjonale råda. Det er desse vi rettar oss etter i Sande.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 06.05.kl 14.00

Ingen nye smittetilfelle

Sist veke var det 42 personar som testa seg - og ingen smitte vart påvist.

Terskelen for å teste seg bør vere lav og du får raskt ein avtale når du kontaktar Sande legesenter - tlf 70026750.

Følg dei enkle og gode smittevernsreglane og dei siste oppdateringane med dei nasjonale råda. Det er desse vi rettar oss etter i Sande.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 28.04.21 kl 09.00

Ingen nye smittetilfelle

Det er ikkje påvist smittetilfelle i Sande siste veka. Det er flott! 

60 personar har testa seg. Ved symptom må alle ha lav terskel for å bestille ein test hos Sande legesenter. Det er på denne måten vi får avdekt smitte og kan få kontroll på den. 

I tillegg må vi ha fokus på dei enkle men viktige smittevernsreglane 

  • å halde avstand
  • vaske eller sprite hender
  • vere heime om ein er sjuk

Minner også om at det er smitteutbrot i Ålesund. Vi oppmodar om at ein utset unødvendige reiser til dette området.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 21.04.21 kl 08.15

Eit nytt smittetilfelle 

Kommuneoverlegen melde seint i går kveld om eit nytt tilfelle av smitte med Covid-19 . Personen kom frå utlandet og tok test på flyplass. Denne var negativ. Etter å ha tatt ny test ved Sande legesenter 19.04 fekk vi melding i går kveld  om at denne var positiv.

4 nærkontakter sit i karantene. Det blir jobba vidare med å definere fleire mulige nærkontakter.

Sjølv om vi siste vekene ikkje har hatt smitte tilfelle, er det likevel grunn til å minne om

  • å halde avstand
  • vaske eller sprite hender
  • vere heime om ein er sjuk
  • ta kontakt for testing om du skulle ha symptom eller lurer på om du kan ha vore utsett for smitte.

I veke 15 tok Sande legesenter 35 testar. Dei testar deg når du tek kontakt og gjer avtale om dette. 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

 

Oppdatering 14.04.21 kl 12.45

Eit nytt smittetilfelle i dag

Kommuneoverlegen i Sande  melder i dag om at ein person er smitta av Covid -19. Personen  testa seg 12.04. etter innreise til Norge. Den smitta er no i  isolasjon og 2 nærkontakter sit i karantene. Vedkomande har tidlegare vore smitta med Covid-19 og dette kan ha gitt utslag på testen. Kommuneoverlegen vurderer at situasjonen er under kontroll.

Det er likevel grunn til å minne om

  • å halde avstand
  • vaske eller sprite hender
  • vere heime om ein er sjuk
  • ta kontakt for testing om du skulle ha symptom eller lurer på om du kan ha vore utsett for smitte.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 08.04.21 kl 14.00 

Mange testar seg - ingen ny smitte

Sande legesenter melder om at mange testar seg no etter påske.

I påskeveka vart det tatt 345 testar totalt - då vi hadde eit utbrot med smitte. Legesenteret tek fleire testar no etter påske og oppmodar alle om å ha lav terskel om å ta kontakt dersom ein kjenner på symptom eller har vore på reise.

 

 VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 05.04.21 kl 21.30

Ingen nye smitta i dag

Som vi melde i går vart det tatt 12 testar ved Sande legekontor og vi melde i går kveld at ein av desse var positiv. No er dei andre 11 testane analyserte og ingen av dei viste noko smitte. Det er vi glade for! 

Tilsaman har vi altså fått påvist 9 smittetilfelle i påskeveka- og desse høyrer til i to familiar. Med all testing som er gjennomført i tilknytning til smittesporing  og nærkontakter håper vi å ha kontroll på situasjonen.

Hald fokus vidare og følg råd og retningslinjer som vi tidlegare har oppmoda om, så trur vi at dette går bra!

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 04.04.21 kl 21.45

Ein ny  person er smitta

Kommuneoverlegen melder om 1 nytt smittetilfelle i kveld. Den smitta høyrer til i  same husstand som er smitta tidlegare denne veka og sit i isolasjon. Vedkomande har ingen nye nærkontakter. Det er tatt 12 testar ved Sande legesenter i dag. Den positive testen er ein av dei 12 testane frå i dag. Det er venta svar på resten av prøvene i morgon måndag. 

Vi minner om 

  • Hald to meter avstand til personar utanom eigen husstand
  • Vask hender ofte med såpe og vatn. Nytt handsprit dersom vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg
  • Hald deg heime og test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon – også milde. Bestill test ved Sande legesenter  -70026750 - open kvardagar mellom kl 8.30-15.00

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 04.04.21 kl  15.10 

Ingen nye smitta i dag

Totalt er 8 personar er smitta av Covid -19 – koronaviruset -  denne veka.

Dei smitta høyrer til to familiar. Det har vore mykje testing for å finne smitten og for å få stoppe den.

Mange testar

Tilsaman 265  testar er tatt på nokre få timar to dagar denne veka. Det vil sei at over 10 % av Sande sine innbyggarar er testa på kort tid. Det er utruleg flott at innbyggarane har vore med på denne dugnaden. Det er mange som har kome og testa seg som eit førevar- tiltak  - både fordi dei vart oppmoda  - og nokon kom av seg sjølve. Nærkontaktene testa seg og dei som har hatt symptom har også testa seg. På denne måten har vi klart å få oversikt og sjølvsagt også fått stadfesta smitte. Vi trur no at vi har fått stoppa viruset si vandring i påskelabyrinten- og det med god hjelp frå alle som har testa seg, dei som står i test-apparatet og dei som jobbar med alle andre forhold rundt dette. Tusen takk alle saman!

Av dei siste 75 testane som vart tatt 2.april var det ein positiv. Dei andre hadde ikkje smitte. 10 nærkontakter av denne er såleis enno i karantene til og med  torsdag neste veke. Dei andre nærkontaktene  som testa seg tidlegare i veka  er ute av karantene 2.påskedag.

 

Kontakt og råd frå FHI

Kommuneoverlegen har vore i kontakt med FHI for å få stadfesta at vi kan opne skular og barnehagar. FHI er imponert over korleis barnehagar, skular og lokalsamfunnet elles har stilt opp til testing. FHI seier at tidspunkt for testing etter smitteutbrota har vore heilt rette i forhold til når personar har vore eksponerte for kontakt med den som då evt viste seg å vere smitta. FHI rår til at barnehagar og  skulane held ope med same trafikklysnivå som før påskeferien. Smitten har gått frå familie til familie og ikkje i skule eller barnehage.  FHI seier at den situasjonen vi er i no og det gode test- og smittesporingsarbeidet som er gjort,  ikkje gir heimel i Covid-forskrifta til å stenge skule eller barnehage.

 

Barnehagar og skular har vanleg drift frå 6.april

Kriseleiinga hadde møte laurdag kveld for å vurdere situasjonen etter å ha fått svar på alle testane, og støttar FHI og kommuneoverlegen si vurdering av at barnehagar og skular kan opne igjen. På dette grunnlag blir det skule og barnehage på gult nivå i trafikklysmodellen etter påske.

Tilsette og føresette er orienterte om dette i e-post tidlegare i dag søndag 1.påskedag. 

 

Test deg om du er usikker

Vi forstår at mange kjenner seg litt utrygge på situasjonen. Det er normalt. Men faglege vurderingar frå FHI og kommuneoverlege og dei mange negative testane må gjere oss trygge på at vi no har fått isolert og stoppa smitten. Alt tyder på at smitten har gått frå hus til hus og ikkje i skule/ barnehage.

Kjenner ein på små symptom og er usikker på om ein kan vere smitta skal terskelen for å bestille testing ved legesenteret vere lav. Har du vore på reise bør du også teste deg.  Ein test kan gjere deg/ familien din trygge og meir avslappa i kvardagen, og Sande legesenter er der for deg alle kvardagar om du treng å ta ei prøve. 

 

Følg dei nasjonale råda vidare

Vi oppfordrar også til at ein held seg til dei same folka på fritida, både barn og vaksne - så håper vi det blir gode vårdagar framover.

 

Vaksinering held fram

Sande kommune oppmodar om at du tek imot tilbodet om vaksinering når det kjem. 8.april blir 66 nye personar vaksinerte i Sande. Desse er i gruppa fødde 1943 -1946.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 03.04.21 kl 21.30

Ingen nye smitta i dag 

Vi har fått svar på alle dei 75 testane som Sande legesenter tok i gårI går melde vi om at ein av desse var positive- altså ein smitta. Idag kan vi stadfeste at dei andre 74 ikkje viste smitte og det er vi glade for. Framleis har vi ikkje svar på om dette er eit mutert virus.

Kriseleiinga har hatt møte i kveld og drøfta situasjonen, spesielt med tanke på barnehage- og skuledrift etter påske. Vi kjem tilbake med informasjon om dette i morgon. 

God påske der du er ! 

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 02.04.21 kl  22.45   

Ein person til er smitta

Kommuneoverlegen har i kveld fått melding om at ein person til er smitta. Den smitta var allereie i karantene og er no i isolasjon.  Det blir i kveld jobba med smittesporing. Det er 10 nærkontakter til denne smitta personen. Smittekilda er relatert til kjent utbrot i Sande frå tidlegare i veka.

Det er venta svar på resten av prøvene i morgon føremiddag. Mange har fått svar på sine no i kveld.

Ordførar har kalla inn til møte i kriseleiinga i morgon ettermiddag, og vi vil kome med meir informasjon etter møtet.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

 

Oppdatering 02.04.21 kl 13.45

Mange testa i dag 

Sande legesenter har gjennomført 75 testar i dag. Testane er no på veg til Molde. Det er håp om testresultat i morgen ettermiddag.

Kommuneoverlegen stadfestar at berre 1 av dei 190 testane frå onsdag var positiv. Alle desse testane er ferdig analyserte.

Kriseleiinga har møte så snart svar på testane frå i dag ligg føre. Dette for å ta stilling til korleis skule og barnehage skal driftast etter påske.

Sande kommune takkar alle for innsatsen i dag også!

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 01.04.21 kl 20.15   

1 ny person smitta

Kommuneoverlegen melder om 1 nytt smittetilfelle i dag. Smittekilde er kjent og relatert til smittetilfelle som er meldt tidlegare i veka. Den smitta sit i isolasjon og smittesporing er fullført. Nærkontaktene har anten allereie testa seg eller skal testast i morgon. Vi har førebels ikkje noko informasjon om at dette er eit mutert virus.

Mange av dei som testa seg i går, har fått tilbakemelding om negativ test - vi har førebels ikkje oversikt på om alle testane er analyserte. Dei som i går vart definerte som nærkontakter sit vidare i karantene til den er utgått for den enkelte. Dei som tok test onsdag som eit «føre var –tiltak» og har fått negativ test er ikkje i karantene lenger.

Vidare smittesporing og testing

Barn og tilsette ved to avdelingar på Hauemarkja barnehage møter i morgon til testing ved Sande legesenter. Barnehagen har sendt melding til dei føresette og tilsette dette gjeld. Dette som eit «føre var-tiltak» for å stoppe evt smitte som kan ha vore innom her. Ei av nærkontaktene til ein smitta jobbar i barnehagen.

Andre som  kjenner på symptom kan i morgon 2. april bestillle tid for testing på telefon  70026750 i tidsrommet kl 09.00-10.30. Testarbeidet startar frå kl 10.30. Du kan også bestille tid på  www.helserespons.no 

Vi bed om at alle som skal testast sit i bilane til vi tek kontakt - slik vi held god orden under testinga.

Kva kan vi gjere?

Påska vart kanskje annleis for mange av sandsokningane, og vi føler alle med dei som er smitta eller sit i karantene. Den friske sandssokningen kan hjelpe til i denne situasjonen med å halde på avstands—og hygienereglane og halde seg heime om ein er sjuk. Ein telefonsamtale eller tilbod om å hjelpe til er også fint for den som treng litt oppfølging.

Fyl dei nasjonale råda og retningslinene – så stoppar vi dette viruset. Vi trur at dette går bra!

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 31.03. kl 20.15    

To nye personar har fått påvist smitte

Kommuneoverlegen melder om to nye tilfelle i dag.

Den eine er nærkontakt til ein av av dei smitta vi melde om i går (same husstand), så dette var ikkje heilt uventa. Sat i karantene og sit no i isolasjon.

Den andre personen vart testa måndag og stadfesta smitta i dag. Smittesporing er i gang. Ikkje avklart smittekjelde. Kan ha samanheng med tilfella over, men er ikkje avklara. Sit i isolasjon.

Mange testa

190 personar er på grunnlag av smitten som er oppdaga, kalla inn til testing og testane er sendt med ekstrabil til Molde for å få eit raskt svar. Testsvar er venta om 2-3 dagar. Testsvar er tilgjengeleg på helsenorge.no. Ved positiv prøve blir ein også oppringt av kommunen sitt smittesporingsteam.

Mange har vore til testing i dag og Sande kommune takkar for positiv respons og deltaking slik at vi kan få gjort det vi kan for å få kontroll på situasjonen.

Smittesporing

Kommuneoverlegen har vore i kontakt med FHI for rettleiing i smittesporingsarbeidet. Følgande er difor bestemt:

  • Nærkontakter skal testast og  vere i karantene i 10 dagar etter eksponering for smitte.
  • Elevar på 6. og 7. trinn og dei involverte tilsette ved Larsnes oppvekstsenter er definerte som nærkontakter. Denne omdefineringa skjer som konsekvens av ny stadfesta smitte i dag. Medlemmar i same husstand som nærkontaktene skal gå i ventekarantene fram til negativt testsvar for nærkontakta ligg føre. Ny vurdering dersom positivt testsvar for nærkontakta.

Som eit «føre var»-tiltak ber kommuneoverlegen i tillegg om følgande:

  • Sande kommune har oppmoda personar som har vore i nærleiken av smitta personar, men som ikkje er er definert som nærkontakter om å teste seg og site i karantene fram til negativt testsvar.
  • Elevar ved 8.-10. trinn ved Gursken oppvekstsenter er ikkje definert som nærkontakter pga tid frå eksponering og fram til symptom hos dei smitta. Sande kommune har likevel valt å testa alle elevane i denne gruppa og ber dei site i karantene fram til negativt testsvar ligg føre.  Kommunen oppmodar også husstandane til elevane om å halde seg heime og unngå nærkontakter fram til testsvar for elevane ligg før og  som eit «føre var»-prinsipp.

Kvar kjem smitten frå?

Smitteteamet jobbar med å spore kvar smitten kjem frå, men har førebels ikkje eit heilt sikkert svar. 

Skuletilbodet etter påske

Kommunen vil følge smitteutviklinga tett, og seinast 2. påskedag kome med informasjon om korleis skulekvardagen blir etter påske.

Testing

Dersom du får symptom på Covid-19, også etter nyleg avlagt test, bør du unngå nærkontakter og kontakte kommunen for å bestille (ny) test.

Kommunen vil legge til rette for testing 2.april  - Langfredag. Fyl med på heimesidene/ facebook for tidspunkt og korleis du bestiller test.

Vis omsorg

Det er krevande å leve med usikkerheita som er rundt oss no. Tusen takk til alle for tolmodet de viser! Hugs også å vise omsorg for dei som er utsett for smitte. Smitte kan råke alle og det er viktig å vise omsorg for kvarande i den situasjonen vi er i.

God påske med omsyn og avstand!

Les deg opp på god informasjon

Viser elles til reglane som gjeld og som du finn på Folkehelseinstituttet sine sider:

Reglar som gjeld når du skal site i karantene

Kven blir definert som nærkontakt?

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 31.03 kl 10.00

Mange blir testa i dag 

Mange personar vert testa i dag med mål om å få raskt kontroll over smittesituasjonen som oppsto i går kveld.

Kommuneoverlegen presiserer i dag at elevar og lærarar frå 6. og 7.trinn på Larsnes og 9.trinn på Gursken er ikkje definert som nærkontakter. Dei blir bedne om å teste seg i dag og vere i karantene fram til testsvar. Personar i same husstand blir også bedne om å vere heime fram til testsvar ligg føre.

Smitteteamet jobbar med å spore kvar smitten kjem frå, men har førebels ikkje eit heilt sikkert svar. 

Hugs avstandsreglar og munnbind der det trengs! 

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

 

Oppdatering 30.03. kl 22.30 

4 personar smitta - mange nærkontakter blir testa i morgon

Kommuneoverlegen fekk i kveld melding om fire nye smittetilfelle i Sande.

Smittesporing er i gang og testing av nærkontakter blir gjennomført i morgen kl 10. Testane blir køyrde til Molde med det same. Dei som blir testa skal vere i karantene. Familien til nærkontaktene held seg i ventekarantene. Desse skal ikkje på jobb/ skule eller ha anna kontakt med andre inntil negative prøvesvar frå nærkontaktene ligg føre. 

Vi vil kome med oppdatert informasjon etter kvart. 

I kveld er det grunn til å minne om at det er viktig å ha få kontakter - få eller ingen besøk - bruke munnbind når du er i sosial kontakt der du ikkje kan halde avstand på minst 2 meter. 

God handhygiene er også godt smittevern. Vis omsyn og avstand - så går dette bra! 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 30.03. kl 12.30 

Ingen ny smitte - hald avstand

I veke 12 var det 69 personar som testa seg. Vi har ikkje fått påvist noko smitte sidan midten av mars og håper at dette kan halde fram. 

Det er likevel ingen grunn til å ta påskeferie frå korona-reglar. Vi minner om at det er viktig å halde avstandsregelen -  bruke munnbind der du ikkje får halde 2 meter avstand - ha få nærkontakter og  begrense besøk . 

Les alle nasjonale råda her.

Blir du sjuk, skal du vere heime . Du kan kontakte legevakt på tlf. 116 117ved behov.

 

Oppdatering 22.03. kl 15.30 

Koronaråd- og reglar for påska i Sande 

Vi ynskjer deg velkomen til Sande i påska, men vil at du skal planlegge litt opphaldet ditt.

Les meir om råd og reglar her.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 17.03.kl 12.45

Status vaksinering og testing. 

I veke 10 var det 135 personar som no er fullvaksinerte med 2 dosar vaksine. 345 personar har fått 1.dose. Denne veka blir det vaksinert 36 personar og neste veke 42 personar med Pfizer-vaksina. No er det risikogruppe 3 med personar i aldergruppa 75 - 84 som står for tur. 

I veke 10 vart 33 personar testa for Covid-19. 

Sande legesenter har god kapasitet og du får avtale testing på 70026750 i tidsromet 8.30-15.00

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 16.03.kl 15.30

Ingen nye smitta meldt etter helga

Sande kommune har heller ikkje i dag fått melding om nye smitta etter at veldig mange tok korona-test i går. Det er vi glade for.

Veldig mange av dei som sat i ventekarantene og tok test i går føremiddag, fekk svar allereie same kveld, og er på plass på jobb og skule i vanleg kvardag. Nærkontaktene er framleis i karantene slik dei skal etter reglane.

Har du symptom og lurer på om du kan vere smitta må du ikkje nøle med å bestille tid for testing- på 70026750.

Som du forstår er mutert virus veldig smittsamt, og får vi den sorten til Sande må vi vere raske å reagere for å få kontroll.

Lag deg ein god dag med

  • god avstand
  • gode smittevernsreglar
  • gode ord til andre

Ver heime om du er sjuk.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 15.03.kl 15.00

Ingen ny påvist smitte i dag.

 

Det har i dag vore testa 67 nye personar i samband med den smittesituasjonen vi fekk i helga, opplyser Sande legesenter. Desse prøvene får vi truleg resultat på i morgon ettermiddag/ kveld.

Nærkontaktene til den smitta personen skal framleis site i karantene, medan dei som fekk pålagt ventekarantene  i går, må vere i ro heime til dei har fått eit negativt svar- altså er «koronafrie».

Førebels ser det ut som vi har kontroll på situasjonen.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 14.03.21 kl 22.00

Mange i ventekarantene

Kriseleiinga har hatt møte i kveld søndag 14.mars. og sett på smittesporinga som er gjort i samband med at ein person har fått påvist smitte. Det er ikkje stadfesta at personen er smitta av eit mutert virus, men ein reknar dette som sannsynleg og har gjort følgjande:

 

Vi har definert alle nærkontakter til den smitta. For å vere føre var har vi bedt alle som har vore i kontakt med nærkontaktene om å vere i ventekarantene og halde seg heime frå arbeid og skule i morgon til prøvesvar ligg føre. Dei blir også bedt om å kome å teste seg ved legesenteret i morgon .Vi håper dermed å ha god kontroll og dermed hindre smitte vidare i samfunnet.

 

Ein av nærkontaktene var på e-sportsamling på Larsnes på  fredag. E-sport deltakarar pluss familien må i ventekarantene til prøvesvar frå denne nærkontakta ligg føre.

Dette gjeld elevar i 5. 6. og 7.årstrinn som møtte denne kvelden. Dei skal ikkje møte på skule og jobb i morgon, og får melding om dette frå skulen. Desse skal møte til testing i morgon på Sande legesenter. Ta kontakt i morgon tidleg på 70026750 for å avtale tid.

 

Skular og barnehagane held ope som vanleg i morgon 15.mars. Dei som skal halde seg heime frå Larsnes oppvekstsenter -  grunna smittesporinga som er gjort i kveld, får direkte melding om dette.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 14.03.21 kl 19.25

Møte i krisestaben i kveld grunna smittesituasjonen.

Sande kommune vurderer tiltak knytt til smittesituasjonen. Ordføraren har kalla inn til møte i ein avgrensa krisestab kl 21 og det blir gitt meir informasjon i etterkant av dette møtet.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 14.03.21 kl 17.50

Ein av nærkontaktene er smitta.

Sande kommune har i ettermiddaga fått stadfesta at 1 av dei 6 nærkontaktene har testa positivt på Covid-19. Sande kommune arbeider med smittesporing. Vi kjem tilbake med meir informasjon etterkvart.

Her finn du dei samla råda frå regjering og departement. Vis varsemd og omsyn!

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 14.03.21 kl 11.10

Fleire ungdomar sett i karantene etter utbrot i Volda.

6 elevar på videregående skule, busett i Sande, er i karantene som nærkontakter. Dette på grunn av utbrudd av mutert virus i Volda. Alle dei seks er friske og vart testa i går. Familiemedlemmane til dei seks er av kommunelegen oppmoda om å gå i ventekarantene.

Sande kommune oppmodar alle om å vise omsyn til kvarandre, halde avstandsreglar og ha god handhygiene. Viruset kjem nærare og nærare.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

 

Oppdatering 10.03.21 kl 15.30

Ingen ny smitte påvist  

I veke 9 var det 25 personar som testa seg for covid-19 ved Sande legesenter.

Har du symptom må du vere rask å ta kontakt på 70026750 for testing. Vi er opptatt av å kunne avdekke smitte raskt for å sette inn tiltak tidleg og få kontroll, slik Erna har råda oss til. Situasjonen nasjonalt er alvorleg med høge smittetal i ulike regionar og vi håper å ikkje kome i slike smittesituasjonar.

 Har du vore på reise og er uroa for om du kunne ha vore i kontakt med smitta personar, skal du og ta kontakt.

Det er ikkje påvist nokon med smitte i Sande sidan 30.januar og vi håper at denne positive situasjonen held fram.

Hald også fram med dei enkle og nyttige smittevernsreglane: 

  • halde avstand
  • vaske hender
  • vere heime når du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 03.03.21 kl 13.45

Ingen ny smitte påvist  

I veke 8 var det berre 10 personar som testa seg for covid-19 ved Sande legesenter.

Har du symptom må terskelen for å teste seg vere lav. Har du vore på reise og er uroa for om du kunne ha vore i kontakt med smitta personar, skal du og ta kontakt.

Testing er viktig for å stoppe evt utbrot og få kontroll. Dette har vi sett i fleire kommunar no i år.

Det er ikkje påvist nokon med smitte i Sande sidan 30.januar og vi håper at denne positive situasjonen held fram.

Hald også fram med dei enkle og nyttige smittevernsreglane: 

  • halde avstand
  • vaske hender
  • vere heime når du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

Oppdatering 25.02.21 kl 12.00

Heldigvis ingen ny smitte påvist  

I veke 7 var det berre 17 personar som testa seg for covid-19 ved Sande legesenter.

Har du symptom må terskelen for å teste seg vere lav. Har du vore på reise og er uroa for om du kunne ha vore i kontakt med smitta personar, skal du og ta kontakt.

Testing er viktig for å stoppe evt utbrot og få kontroll. Dette har vi sett i fleire kommunar no i år.

Det er ikkje påvist nokon med smitte i Sande sidan 30.januar og vi håper at denne positive situasjonen held fram.

Hald også fram med dei enkle og nyttige smittevernsreglane: 

  • halde avstand
  • vaske hender
  • vere heime når du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 17.02.21 kl 19.00

Ingen ny smitte denne veka 

I veke 6 var det berre 20 personar som testa seg for covid-19 ved Sande legesenter. Det er viktig å få testa seg dersom ein kjenner på symptom  eller er uroa for om ein har blitt smitta. Testing er viktig for å stoppe evt utbrot og få kontroll. Dette har vi sett i fleire kommunar no i år.

Det er ikkje påvist nokon med smitte i Sande sidan 30.januar og vi håper at denne positive situasjonen held fram.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8.30 –15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 03.02.21 kl 14.30

Ingen ny smitte denne veka 

Det er ikkje påvist fleire med positive koronatestar denne veka. Det er vi glade for.

Sande legesenter melder at dei har god kapasitet til testing dersom det er nokon som kjenner på symptom.

Hittil i år er det teke ca 140 testar.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 30.01.21 kl 16.15

Nytt smittetilfelle - kom frå utlandet

Kommuneoverlegen fekk i dag melding om eit nytt korona-smittetilfelle. Den smitta kom frå utlandet og alle sju nærkontakter er i karantene.

Og vi minner på nytt om å :

  • halde avstand
  • vaske hender
  • vere heime når du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 23.01.21  kl 20.00 

Ingen nye smitta - test deg om du kjem frå visse område på austlandet. 

Nye smitteverntiltak på austlandet – kva gjer du lokalt?

Og alle må vi hugse:

  • halde avstand
  • vaske hender
  • vere heme når du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

Oppdatering 18.01.21  kl 17.00

Sandetun opnar for besøk igjen onsdag 

Her er reglane for besøk

Ungdomsskulen går over på gult  etter trafikklysmodellen og  barn og unge kan trene som normalt inne. Du kan ta imot inntil 5 gjestar heime - men blir oppmoda om ikkje å ha så mykje sosial kontakt. 

Vaksineringa i Sande og i landet elles er i gong og er starten på slutten for pandemien, trur regjeringa. Medan vi lenar oss på det håpet bed vi om at du  held fram med å

  • halde avstand
  • vaske hender
  • vere heme når du er sjuk

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 15.01.21  kl 10.30

3 nærkontakter er smitta

3 av nærkontaktene til den smitta vi melde om i går, har fått positiv koronatest. Alle var i går flytta til eigna karantenestad i Herøy og må no site i isolasjon der.

Smittesporinga i Sande avdekte at alle personane passerte grensa utan å teste seg innanfor 24 timar slik regelverket seier. Sande kommune melde frå til politiet sin operasjonssentral i går. Politiet fyl opp saka vidare.

Testing, karantene eller isolasjon – her kan du lese meir.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

 

Oppdatering 14.01.2021 kl 14.30

Smittetilfelle nr 4 i år - følg nasjonale råd og reglar 

Kommuneoverlegen fekk i dag, torsdag, melding om ein person som er kome frå utlandet har avlagt positiv test for korona. Vedkomande vart testa 12. januar og sit no i isolasjon. Fire nærkontakter sit i karantene og blir oppfølgde med testing i ettermiddag av Sande legesenter.

Sande kommune minner på nytt om avstandsreglane og god hand- og hostehygiene. Ver heime om du er sjuk!

Følg dei nasjonale råd og reglar og ver også merksam på den oppdateringa på råd og reglar som vil kome frå regjeringa over helga.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

Oppdatering 11.01.2021 kl 19.25

Nytt smittetilfelle - hald fokus og avstand

Kommuneoverlegen fekk i dag, måndag, melding om ein person som er komt frå utlandet har avlagt positiv test for korona. Vedkomande vart testa ved ankomst Norge 8. januar og sit no i isolasjon. Tre nærkontakter sit i karantene.

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

 

Oppdatering 07.01.2021 kl 11.50

Nytt smittetilfelle - hald fokus og avstand

Kommuneoverlegen fekk i dag melding om at ein tilreisande frå utlandet er kome til Sande med koronasmitte. Vedkomande testa seg på flyplass ved ankomst til Norge. Der er to nærkontakter til den smitta. Den smitta og nærkontaktene har to forskjellege lokasjonar dei oppheld seg på -  slik at dei kan gjennomføre isolasjon og karantene.

Vi har altså fått to smittetilfelle på nyåret. Det er grunn til å minne om å halde avstand og vere nøye med handvask og reinhald. 

No er det viktig å halde på dei nasjonale råda om å ha sosial avstand.

Rettar alle seg etter desse råda både på arbeidsplass og i dagleglivet elles, kan vi  sleppe større utfordringar med koronasmitte. 

Ta raskt kontakt med legesenteret for testing om du skulle kjenne på symptom. 

 

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

Oppdatering 06.01.2021 kl 22.10

Ein person smitta - hald fokus og avstand

Kommuneoverlegen fekk i dag melding om at ein person som er kome frå utlandet har avlagt positiv test for Covid-19.Personen  vart testa måndag ved ankomst Norge. Den smitta sit no i isolasjon og har ingen nærkontakter.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

 

 

Oppdatering 01.01.2021 kl 13.45

Ingen nye smittetilfelle  - hald fokus og avstand

Sande kommune har heller ikkje julehøgtida eller romjula fått melding om nye smittetilfelle. 

Vaksinering mot korona-viruset i Sande vil etter planen starte i veke 1.

Alle reisande som kjem frå utlandet skal teste seg.

VISS DU TRUR DU ER SMITTA AV KORONAVIRUSET: Er du sjuk? Ver heime. | Er du sjuk og treng legehjelp? Ring fastlegen (Sande legesenter, tlf 70026750  kl. 8–15 på kvardagane). | Har du behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope? | Ring legevakta på 116 117. | Gjeld det livstrugande sjukdom eller skade? Ring 113

 

l reisande på norsk, engelsk og kinesisk

Informasjonsark retta mot dei som i jobben kjem 

Kontakt

Bård Dalen
helse- og omsorgssjef
E-post
Mobil 482 46 331
Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar
E-post
Mobil 959 18 965
Pleie og omsorg