Køyr varsamt og hugs varslingsplikta

Klikk for stort bilete

 

 

  

Hausten er komen, og hjorten trekker ned i ope lende. Vær særleg merksam på at du kan møte hjort på vegane når det mørknar. Siste vekene har det vore fleire påkøyrsler av hjort i kommunen.

Om uhellet er ute, ring politiet på telefon 02800. Politiet  varslar rette vedkomande slik at  dyr som er skada kan finnast. Slik sparer vi dyret for unødig liding.