Kultur-Kevin fekk prisen!

Kultur-Kevin fekk prisen!

Ordførar Olav Myklebust og kulturprisvinnar 2021 Kevin Andre Søvre Myklebust Privat   Kevin Andre Søvre Myklebust fekk søndag ettermiddag utdelt kulturprisen for 2021 i Sande. 

Det var ein overraska vinnar som mottok prisen av ordførar Olav Myklebust på Sandemessa.

I grunngjevinga av utnemninga til kulturprisvinnar i Sande 2021 seier nemnda følgjande: 

Ei einstemmig nemnd har valt ut vinnaren mellom fleire verdige kandidatar og støttar grunngjevingar frå dei som har sendt inn forslag. Han har vore nominert fleire gongar tidlegare.

Her er nokre av grunngjevingane:

  • Kevin er ein ekte JA-person.
  • Han stiller velvillig opp på alle typer kulturarrangement vederlagsfritt – som regel då som organisator og piano til kulturarrangement. Dette har han gjort gjennom tiår.
  • I fleire år har han delteke i det meste av det som skjer av kultur i kommunen. Er ein ja-person uansett kva høve eller oppdrag det er snakk om. Han er fast akkompagnatør til andre i gravferder, bryllaup, bursdagar osv. Kevin er med i Kong Arthur-spelet, Tenor Kvartetten, Feel-it , Gursken Brass, stiller på Øya, i bedehus og kyrkjer. Han stiller opp og riggar til før arrangement så andre kjem til dekka bord. Utgjer ein forskjell for folk i Sande kommune.
  • Kevin er aktiv dei fleste plassar der musikk vert utøvd i kommunen.
  • Han seier aldri  nei om nokon spør han om å bidra og akkompagnerer andre som skal opptre.
  • Kevin står for rigging, lys, lyd og syter for at andre får skine på scena.
  • Han stiller opp i alle livets fasar, både til unge og gamle og stiller opp om ein musikkskuleelev treng støtte, eller når nokon vil heidre ein kjær person med ei musikalsk helsing på si siste reise.

Sparebanken Møre og Sande kommune står bak prisen.

Vi gratulerer så mykje til ein verdig og fin vinnar!