Kulturmidlar til lag og organisasjonar - søknadsfrist 15.april 2023 Sande kommune kan yte tilskot til lag, organisasjonar og andre som driv eller vil starte opp kulturverksemd i Sande kommune. Sande kommune kan - etter søknad - yte tilskot til personar, organisasjonar, foreiningar, lag og institusjonar som driv eller vil starte opp kulturverksemd for barn og unge (0-20 år) i Sande kommune. Det kan søkjast om tilskot til drift og til starttilskot til nye tiltak. Frist for å søkje kulturmidlar er 15. april Du finn fleire opplysningar i Retningslinene for tildeling av kulturmidlar (PDF, 98 kB) Korleis søkje? Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet for kulturmidlar. Hugs å legge ved dei vedlegga som blir krevd. Når får vi svar på søknaden? Søknadane om kulturmidlar blir handsama i Helse og oppvekstutvalet rett etter at søknadsfristen er ute. Minner også om at: Sande kommune gir rettleiing og handsamar søknadar om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv. Spelemidlar til idrettsføremål skal medverke til at ein større del av folket får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Publisert av Elin Rokstad Sist endra 29.03.2023 04:37