Kulturminneplanen er juleposten i postkassa di

Kulturminneplanen er juleposten i postkassa di

Sande kommune sender i desse dagar ut kulturminneplanen for Sande kommune.

Du vil finne den i postkassa di ein av dagane før jul.

Det har den seinare tid vorte lagt ned eit godt arbeid for å kunne samle og lyfte fram vår kulturhistorie og dei viktigaste kulturminna vi har i vår kommune. Planen viser utviklinga frå fangststeinalderen fram til nyare tid, og synleggjer ein kulturhistorisk samanheng.

Kulturminne er ein del av vår identitet, og det er viktig at vi bevarer nokre av kulturminna for vidare generasjonar. Handlingsdelen i planen viser vidare arbeid med kulturminne.

Planen har vorte utarbeidt i eit nært samarbeid mellom mange aktørar, og særleg har soge- og kulturlag i kommunen vore svært delaktige og hjelpsame.

Med å sende ut kulturminneplanen ynskjer vi at innbyggarane skal få nærmare kjennskap til vår rike kulturhistorie.

Det viser seg at vi er fleire husstandar enn vi hadde trudd, så nokre av innbyggarane må lese den her på sida  inntil vi har fått trykt opp fleire eksemplar.

 

Dag Vaagen

ordførar