Kulturpris


Pixabay  Sparebanken Møre og Sande kommune deler kvart år ut kulturprisen for Sande. 

Prisen vert utdelt på eit passande arrangement  på slutten av året. 

Prisen er på kr 20 000,-

Sande kommune ynskjer å få inn forslag kandidatar til kulturprisen for Sande kvart år. 

Kven kan få kulturprisen?

Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar, lag eller organisasjonar i Sande kommune.

Desse skal ha vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats utover det vanlege. Kulturarbeid kan definerast vidt. 

Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar.

Framlegget skal vere skriftleg og med grunngjeving.

Her er retningslinene for kulturpris-tildeling (PDF, 238 kB)

Her finn du skjema som du skal fylle ut dersom du vil kome med forlag til nokon DU meiner fortener prisen

 

Kven bestemmer kven som skal få prisen? 

Det er sett ned ei nemnd som vurderer forslag til kulturpris-kandidatar. 

Nemnda er sett saman av tre politisk valde representantar og ein representant frå Sparebanken Møre.

Frist for innspel: 

1.november er frist for innsending av forslag til kulturpris. 

Tidlegare kulturprisvinnarar: 

Oversikt -kulturprisvinnarar

Desse har fått prisen tidlegare: 

1997   Åram sogelag

1998   Jan Åge Fjørtoft

1999   Sverre Kvalsund

2000   Oddvin Kragset

2001   Bergljot Tødenes

2002   Ikkje tildelt p.g.a. at det ikkje var innkome framlegg til kandidat før fristen.

2003   Magne Støylen, Kvamsøy

2004   Per Sandanger, Larsnes

2005   Torgeir Hauge, Gursken

2006   Rigmor Bringsvor, Sandshamn

2007   Marlen Hauge Knotten og Marianne Brune, Larsnes

2008   Kari Ristesund, Kvamsøy

2009   Tensing

2010   Arthur Vestnes

2011   Dagbjørn Myklebust

2012   Aud Sofie Hide

2013   Larsnes/Gursken fotball-klubb

2014   Helga Kristin Sætre

2015   Gunhild Sandanger

2016   Orgelsommar

2017   Kong Arthurspelet

2018   Møyfrid Tveten

2019   Larsnes Helselag

2020   Harald Sætre 

2021   Kevin Andre Søvre Myklebust 

 

Kontakt

Elin Almestad
konsulent
E-post
Mobil 473 77 895