Kulturprisen 2019 gjekk til Larsnes helselag - gratulerer!
larsnes.no
Kulturprisen for Sande i 2019 gjekk til Larsnes helselag som over lang, lang tid har vore til glede for store og små, og har arbeidd for god helse og trivsel i nærmiljøet, og vart overrekt på Sandemessa på Larsnes søndag 24.november.
Ordførar Olav Myklebust stod for overrekkinga.
Kulturprisen er oppretta gjennom eit samarbeid mellom Sparebanken Møre - Larsnes, og Sande kommune. Prisen vert utdelt ein gong i året etter nøye vurdering av nominerte kandidatar. I vedtektene heiter det at kulturprisen kan delast ut til ein eller fleire einskildpersonar eller lag som høyrer heime i Sande kommune, og som har visst vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.
Larsnes helselag har gjennom lang til arbeidd med ulike viktige saker .
- støtte til Hellandheimen i 50-åra
- støtte til Breidablik, trygdeheimen og Sandetun med bla.a. innkjøp av møblar og utstyr til velferdssenteret der
- skapt kontakt og hygge for dei dei eldre med besøk og årlege julefestar på alders- og sjukeheimen
- hjelp ved arrangement på Øya
- arrangerer basarar med sjølvlaga gevinstar
- organiserer og serverer lunsj på Larsnes skule
- hjelper til på vaksinasjonsdagen kvar haust
- strikkar lestar og gir til nyfødde i bygdene våra
- medarrangør på trim «Vi over 60 – Sterk og stødig»
- serverer kveldsmåltid til hornmusikklaget Varden ein kveld før 17. maifeiring
- tilbyr hjelp ved servering i gravferder
Kandidaten støttar også med gåver og/ eller midlar til;
- Hauemarkja barnehage
- Larsnes kyrkje
- Helsestasjonen
- Volda sjukehus; Sonja Stol-aksjonen 2018 og Beintettheitsmaskin 2019
- Muritunet
- Badestranda
- Innkjøp av stort bord til Gamle Drageskarvegen
- Trim for eldre
- Demensaksjonen, Hjarteaksjonen og Tv-aksjonen
Og utan hjelp frå kandidaten ville ein hatt vanskar med å gjennomføre ulike arrangement på Øya då ein har behov for ekstra hender når det er som mest hektisk.
Kulturprisen for 2019 går til ein verdig kandidat som i over hundre år har engasjert seg og arbeidd for helse- og trivsel i nærmiljøet.
Publisert avElin Rokstad
Publisert25.11.2019 09.50
Sist endra25.11.2019 11.53