Kulturprisen 2022 til Håkon Vestnes - vi gratulerer!

Kulturprisen 2022 til Håkon Vestnes - vi gratulerer!

håkon og banksjefen - Klikk for stort bileteHåkon får overrekt pris av Kjell Ove Vasstrand Vestlandsnytt

Håkon Vestnes fekk utdelt kulturprisen for 2022 under Sandemessa på søndag. 

Kulturprisen er eit samarbeid mellom Sande kommune og Sparebanken Møre, og vert gitt årleg til ein enkeltperson eller ein organisasjon som har lagt ned ein ekstra kulturinnsats.

Håkon har veldig mange gode eigenskapar som kulturlivet nyt godt av! Vi gratulerer!

Kulturprisnemnda seier dette om prisvinnaren:

Kulturprisvinnaren i Sande for 2022 er ein svært allsidig og engasjert person. Vedkomande stiller opp på stort sett alt vedkomande får spørsmål om - aldri nei, ofte eit tja og at dette kan bli betre. Har tankar, meiningar og kunnskap om det meste, og har ofte ein finger eller ti i svært mykje av det som skjer rundt i vår kommune.

For å belyse breidda i sitt engasjement kan vi nemne:


MUSIKK


• I band som gitarist, pianist, bassist, lydmann i bl.a. konfirmantband, tensingband,
Agenda, Village People, Synnjatebøvlane og Sytalaust
• I kor som pianist for Småtroll, TenSing og VoksSing
• Som kyrkjemusikant på piano i kyrkjene i Sande og Vanylven ved behov

FEEL-It

Som eldsjel, pådrivar, pianist, ly- og lysansvarleg og konferansier

LARSNESREVYEN/ REVY/ LANDSBYKONSEPTET


• Tilrettelegging, videoinnslag, musikk
• Sumarsamkome m.m


GAMLEBANKEN SCENE

• Konsertar
• Sommarshow
• Kulturskule
• Sande Nettsyn – med 17.mai sendingar, politiske møter og folkemøter
• UKM
• Quiz
Opplæring og kurs


LARSNES IL/E-SPORT


• Utgir medlemsblad og publikasjonar
• E-sport som ildsjel, organisator og instruktør
 

SOGELAGET

  • Gir ut diverse publikasjonar / bøker/ hefter
  • Digitalisering av bilder



POLITISK

  • Har vore medlem i kommunestyret og divese utval
  • Håkon er ein ustoppeleg kulturbauta som aldri kjem til å gi opp