Kulturskulekonsertar rundt om på skulane

Kulturskulekonsertar rundt om på skulane

Måndag 18. mars hadde Sande kulturskule konsert på Gursken oppvekstsenter. Kulturskulen skal ha fleire slike konsertar rundt om på skulane.

Slike småkonsertar er ein viktig arena der elevane får øve seg på å opptre og syne fram kva dei øver på. Det var ein variert konsert, der vi fekk høyre både messing, gitar, piano, song og tromme . Mange spelte heilt åleine, meda andre hadde øvd i samspelgrupper. Det var både røynde og ferske elevar som stod på scena denne ettermiddagen.

Vi fekk høyre masse fin og variert musikk. Alt i frå vakre balladar, til heftig trommegroove og rocka gitarriff. Det vart ei fin stund for alle elevane og for dei som hadde kome for å høyre på. Lærarane var trygge medspelarar for elevane heile vegen.  

Sande kulturskule jobbar både med breidde og fordjuping, og det overordna målet er at elevane skal oppleve mestringsglede og  positiv sjølvutvikling ved å vere elev hos oss. Elevane får utvikle evne til samspel og samarbeid, og slik vert dei også ressurspersonar som bidreg til eit levande kulturliv.

 

Ønsker du elevplass i kulturskulen neste skuleår?

Ein kan søkje plass heile året, men hovudopptaket er no på våren. Velkommen skal du vere!