Kurs og opplæring for næringslivet?

Kurs og opplæring for næringslivet?

Kurstilbod ÅKP Kurskalenderen for dei digitale kursa i ÅKP Academy til hausten er no klar. Den inneheld mange spanande kurs i alt frå strategi, endringsleiing og personalleiing, til fagspesifikke kurs innan fiskevelferd, maskinlæring/IoT  og meir.

Kurset i berekraftige og sirkulære forretningsmodellar har kurshaldarane Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen frå NHH. Dette er eit kurs spesielt eigna for leiarar og mellomleiarar, der formålet er å tileigne seg kunnskap om å designe berekraftige sirkulære forretningsmodellar. Kurset består av digitale forelesingar og workshops der deltakarane jobbar med si eiga bedrift sin forretningsmodell.  

Sjå Kurset "Bærekraftige og sirkulære forretningsmodeller"

Her finn du komplett kurskalender: ÅKP Academy - Gratis nettbaserte kurs og videreutdanning.  Dei fleste kursa har oppstart seint i august/tidleg september.

 

ÅKP Academy

tilbyr skreddersydde kursprogram til næringslivet for å bidra til omstilling i forbindelse med koronapandemien. Kursa er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, næringsklyngene GCE Blue Maritime og NCE Blue Legasea, og er kostnadsfrie for deltakarane. Ordninga er primært retta mot personar som er heilt eller delvis permittert, men personar som ikkje er permittert kan også delta.