Kva gjer eg om eg er sjuk?

Kva gjer eg om eg er sjuk?

 

Flytskjema Vi er ikkje heilt tilbake til normalen, så vi må framleis teste oss og halde oss heime om vi er sjuke. 

Dersom du blir sjuk med luftvegsinfeksjon er hovudregelen at du skal halde deg heime.

Du skal også teste deg. Det kan du framleis gjere i opningstida på teststasjonen ved Sande legesenter , men vi ventar på leveranse med sjølvtestar som alle kan ta heime. Det vil kome meir informasjon om dette snart.

Du kan også få kjøpt slike sjølvtestar på apotek.

Så ok, då held du deg heime og testar deg om du er sjuk.

  • Men kva med barna, når skal vi teste dei?
  • Kva skjer om eg testar negativt – eller kva med positivt?
  • Og når kan du gå tilbake til jobb, skule eller barnehage?

FHI har utarbeidd eit flytskjema som forhåpentlegvis svarer på spørsmåla du har.

Her finn du Flytskjema når du er sjuk utarbeida av FHI - last ned og print ut om du vil (PDF, 105 kB).

Desse kan alle bedrifter ha som oppslag på arbeidsplassane rundt om.