Kva kan ein politikar påverke og korleis?

Kva kan ein politikar påverke og korleis?

Måndag og tysdag denne veka møtte leiinga i administrasjonen og dei nyvalde politikarane på rådhuset for å få ein gjennomgang på korleis det politiske systemet skal fungere.

Folkevaldopplæring - Klikk for stort bileteF.v. Rune Hovde (Prosessveiledar Folkevaldopplæring) Harald Westby Digernes (spesialrådgivar) Sande kommune

Kva roller har ein folkevald, og kva er det politikarane skal og kan bestemme?  Kva er delegert til administrasjonen? Korleis verkar samspelet mellom politisk nivå og  administrasjon? Kva er spelereglane? 

Desse og mange andre viktige tema sto på dagsorden. 

Rune Hovde, prosessrettleiar for folkevalgt-opplæringa og Harald Westby Digernes, spesialrådgivar ved KS Møre og Romsdal losa deltakarane gjennom samlinga som inneheldt både føredrag, diskusjonar og gruppearbeid. 

Engasjerte deltakarar gjorde desse to dagane til ei nyttig opplæring for alle. Vi ønsker lukke til med arbeidet dei 4 neste åra!

Her er heile programmet for samlinga