Kva møter barn på sosiale medium? Foreldremøte for alle om temaet

Barnevakten.no Ressursgruppa i Sande inviterer alle foreldre til skuleborn i Sande kommune til felles møte med fokus på barn og unge sin bruk av sosiale medium.

Kva rolle har du som forelder? Nettmobbing - Skjermtid - Grooming - Ja, det er mange forhold ein kan lure på.

 Stad: Landsbyhuset Breidablik

 Dato/ tid: Torsdag 22.09.2022  kl 18.15-20.45

 Arrangør: Sande kommune ved ressursgruppa 

Det vil også vere informasjon om ressursgruppa og arbeidet som gruppa planlegg utover hausten i kommunen.

Helsestasjonen har fått støtte frå Tussa til å gjennomføre ei økt med Barnevakten. Vi kjem til nyttig informasjon om korleis foreldra kan engasjere seg i mediekvardagen til dei unge.

Politiet vil også vere til stades denne kvelden.

Vi håper så mange som mogeleg tek turen. Temaet er aktuelt og det er kjekt og møtast for ein prat.

Det vert servert kaffi, kjeks og twist.

Her finn du heile invitasjonen med dei aktuelle tema som blir tatt opp! (PDF, 364 kB)