Kva skjer på kultur- og idrettsfronten Sande? Aktivitetar på glade sommardagar?

Kva skjer på kultur- og idrettsfronten Sande? Aktivitetar på glade sommardagar?

Kong Arthur-spel

 

Det er ofte mange spennande arrangement som føregår i vår- og sommarhalvåret rundt i bygdene. Det er fint viss du kan gi ei melding om ditt arrangement til Sande kommune.

Nokre gongar har Sande kommune høve til å framheve ulike arrangement i dokument, annonser og liknande. Har laget ditt spennande arrangement på planen, gi derfor melding til 

postmottak@sande-mr.kommune.no

Skriv litt kort om når, kvar og kva som skal skje. Gi også eit tips derom informasjonen ligg ute på facebook. Vi vil gjerne ha meldinga straks og helst innan onsdag.

Sande kommune vil også veldig gjerne ha oppdatert informasjon om tillitsvalde og kontaktpersonar i din organisasjon.

Her finn du meir info om lag og organisasjonar og korleis du registrerer endringar i kontaktinformasjon.