Kvart tredje sekund blir eit barn gifta bort- kan DU gjere noko med det?

Kvart tredje sekund blir eit barn gifta bort- kan DU gjere noko med det?

 JA, vi kan delta i TV-aksjonen. Vi kan vere bøsseberarar og vi kan vere med å gi til aksjonen som har som mål å kjempe mot barneekteskap. 

Gjennom TV-aksjonen 24.oktober skal vi saman gi jenter muligheita  til å velje si eiga framtid, og vie seg til livet.

Med TV-aksjonen skal vi nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.  

Med midlar frå TV-aksjonen skal ein jobbe for at jenter får vere på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jentene sine  rettigheiter og i likestilling -  og at lovverket skal beskytte barn frå å bli gifta bort. Barn skal få vere barn, ikkje brud.

Vil du lese meir om dei konkrete tiltaka pengane skal gå til? Les meir om arbeidet her. 

Kanskje klarer vi å samle inn like mykje som i fjor? Då var vi på 6. plass i fylket  med kr 56,64 pr innbyggjar. Vi enda på 58.plass nasjonalt. 

Bli bøsseberar - ver med å gjere ein forskjell for jentene og for samfunna dei lever i!

Vi treng fleire bøsseberarar i Sande i alle krinsar- ta kontakt med Sande kommune på 

70026700 eller postmottak@sande-mr.kommune.no

Vis at du bryr deg!