Kven får kulturprisen 2020?

Klikk for stort bileteKulturprisen 2019 - Larsnes helselag larsnes.no   
 Sparebanken Møre og Sande kommune deler kvart år ut kulturprisen for Sande.

Prisen vert utdelt på eit passande arrangement  på slutten av året. 

Prisen er på kr 20 000,-

Sande kommune ynskjer å få inn forslag kandidatar til kulturprisen for Sande kvart år. Fristen er sett til 25.oktober og vert også annonsert i  lokalpressa.

 

Kven kan få kulturprisen?

Kulturprisen kan gå til einskildpersonar, lag eller organisasjonar i Sande kommune.

Desse skal ha vist vedvarande evne og vilje til å yte kulturinnsats utover det vanlege. Kulturarbeid kan definerast vidt. 

Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar.

Framlegget skal vere skriftleg og med grunngjeving.

Her finn du skjema som du skal fylle ut dersom du vil kome med forlag til nokon DU meiner fortener prisen

Oversikt -kuturprisvinnarar

Desse har fått prisen tidlegare: 

  1. Åram sogelag
  2. Jan Åge Fjørtoft
  3. Sverre Kvalsund
  4. Oddvin Kragset
  5. Bergljot Tødenes
  6. Ikkje tildelt p.g.a. at det ikkje var innkome framlegg til kandidat før fristen.

2003    Magne Støylen, Kvamsøy

2004    Per Sandanger, Larsnes

2005    Torgeir Hauge, Gursken

2006    Rigmor Bringsvor, Sandshamn

2007    Marlen Hauge Knotten og Marianne Brune, Larsnes

2008    Kari Ristesund, Kvamsøy

2009    Tensing

2010    Arthur Vestnes

2011    Dagbjørn Myklebust

2012    Aud Sofie Hide

2013    Larsnes/Gursken fotball-klubb

2014    Helga Kristin Sætre

2015    Gunhild Sandanger

2016    Orgelsommar

2017    Kong Arthurspelet

2018    Møyfrid Tveten

2019    Larsnes Helselag

 

Kven bestemmer kven som skal få prisen? 

Det er sett ned ei nemnd som vurderer forslag til kulturpris-kandidatar. 

Nemnda er sett saman av tre politisk valde representantar og ein representant frå Sparebanken Møre.

Frist for innspel: 

25.oktober er frist for innsending av forslag til kulturpris.